Kfarsghab

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kfarsghab
Remove ads

Kfarsghab (òg kalla Kfar Sghab, Kafarsghab eller Kfarseghab; arabisk كفرصغاب) er ein landsby i Zgharta distrikt i Nord guvernement i Libanon. Han ligg i Qadishadalen, ein heilag stad i austleg kristendom.

Kjappe fakta Land, Guvernement ...

Kfarsghab består av to stader: Kfarsghab, ein høgtliggande fjellandsby, og Morh Kfarsghab, som ligg på ei slette nedanfor. Dei er busette høvesvis om sommaren og vinteren.

Remove ads

Etymologi

Det semittiske namnet Kfarsghab består av to delar: kfar og sghab. Den første delen, kfar, kjem frå den semittiske rota kpr, som i samanhengen svarar til det vanlege semittiske substantivet kapar som tyder «landsby».[1]

Kfarsghab kan då tyde «festningslandsby» eller «landsbyen Segub», der Segub då vil vere eit personnamn.

Historie

Thumb
Hovudinngangen til Mar Awtel-kyrkja, bygd på ruinane av eit heidensk tempel.

Kfarsghab oppstod i førkristen tid, men som dei fleste landsbyane i Qadishadalen, byrja historia til Kfarsghab då maronittar slo seg ned i Libanonfjella på 900-talet. Fram til midten av 1700-talet var Kfarsghab ein liten, uviktig landsby med færre enn 150 innbyggjarar.

Kfarsghab er først nemnt i hendingar som skjedde i 1283, mot slutten av krossfarartida.[2] I 1470 er Kfarsghab nemnt i samband med bygginga av St. Awtel-kyrkja.[3] På 1500-talet dukka Kfasghab opp i to osmanske folketeljingar i 1519 og 1571.[4] Han hadde då 14 og 12 vaksne menn (eldre enn 15 år). Alle var kristne og gifte.

Remove ads

Geografi

Thumb
Kfarsghab med snø i januar 2004.

Kfarsghab består av to forskjellige busetnader, Kfarsghab og Morh Kfarsghab, som er busette høvesvis om sommaren og vinteren. Dette er ganske vanleg for jordbrukslandsbyar i området. Alle familiar har eit hus i kvar landsby. Andre døme på dette i Libanon er Ehden og Zgharta.

Kfarsghab er sommarlandsbyen og ligg langs vegen frå Ehden til Bsharri i nordlege delen av Qadishadalen, oppom Qozhayadalen i ei høgd på 1380 meter over havet.[5][6]

Morh Kfarsghab er vinterlandsbyen og ligg på nordvestsida av Joueitdalen, mellom Miziara og Bnachii. I snitt ligg denne 280 meter over havet.[7]

Klima

Kfarsghab har eit typisk middelhavsklima for ein fjellandsby. Det er fire årstider, og vinteren er kald med moderate til store mengder snø.[8] medan somrane er milde og tørre. Området har ofte tåke på seinsommaren, tidleg på hausten og seint på våren. Dei høgaste middeltemperaturane i juli og august er 27 °C, medan den lågaste middeltemperaturen er i januar og februar med 2 °C. Sommartemperaturen kan nå 32 °C, og om vinteren kan temperaturen falle til under −5 °C.[9] Årsmiddelnedbøren er kring 1 200 mm, med mest nedbør på hausten og våren. Snøfall skjer normalt frå seint i november til tidleg i april og varierer frå 3 til 25 cm per månad.[10]

Meir informasjon Vêrdata for Kfarsghab, Jan ...
Remove ads

Økonomi

Thumb
Kfarsghab sett frå Ehden i juni 2004.

Økonomien er hovudsakleg basert på jordbruk, hovudsakleg frukt i form av eple og pærer.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads