Khabab

From Wikipedia, the free encyclopedia

Khabab
Remove ads

Khabab (arabisk خبب, syrisk ܟܚܐܒܐܒ, Khababb) er ein by sør i SyriaHauransletta, ein del av Daraa guvernement, 57 km sør for Damaskus og kring same avstanden frå byen Daraa.

Kjappe fakta Land, Guvernement ...

Det gamle namnet på byen er Abiba i dei gamle syrisk språka arameisk og assyrisk, og tyder ei «slette med grønt gras».


Remove ads

Historie

I 1596 var Khabab oppført i osmanske skattelister som Habab og var ein del av Bani Kilab nahiya i Hauran qada. Han hadde ein muslimsk folkesetnad som bestod av 45 hushaldningar og 30 ungkarar, og nokre kristne, 3 hushaldningar og 2 ungkarar. Skattane vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, geiter og bikubar.[1]

Klima

Vêret i Khabab er det same som i det sørlege Syria, med nokre få kuldebølgjer om vinteren og relativt steikande somrar.

Årsmiddelnedbøren er kring 250 mm og temperaturen varierer frå ned mot -4 ºC om vinteren til opp mot 38 ºC om sommaren.

Demografi

Innbyggjartalet i byen er 8 000-10 000 og kring 40 000 personar i verda, utanfor Syria, kjem opphavleg frå landsbyen, spreidd mellom Frankrike, USA, Canada, Brasil, og Australia og fleire arabiske land.

Fleire innbyggjarar i Khabab er kristne og følgjer den melkittiske kyrkja (bysantinsk).

Det er fire kyrkjer i Khabab: St. Maria-katedralen, St. Rita-basilikaen, St. Elliot-basilikaen og St. Mikael-basilikaen. St. Mikael er eldgamel og falleferdig.

Økonomi

Hovudnæringa i Khabab er jordbruk. I seinare år har jordbruket gått dårlegare på grunn av lengre tørkeperiodar som har gjeve dårlegare avlingar, fleire har byrja å jobbe i andre sektorar og ungdommen flyttar til dei større byane.[treng kjelde]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads