Khirbet Ghazaleh

From Wikipedia, the free encyclopedia

Khirbet Ghazaleh
Remove ads

Khirbet Ghazaleh (arabisk خربة غزالة, òg skrive Khirbet Ghazalah) er ein by i Daraa guvernement, kring 17 kilometer nordaust for Daraa ved Da'el i vest og nær Izra' i nord. Han ligg langs hovudvegen mellom Damaskus og Amman. I 2004 talte Statistisk sentralbyrå i Syria 16 240 innbyggjarar i Khirbet Ghazaleh.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[2]

Kjappe fakta Land, Guvernement ...
Remove ads

Historie

Det syriske opprøret i 2011

Innbyggjarane i Khirbet Ghazaleh deltok i demonstrasjonane mot dei syriske styresmaktene og tok imot Den frie syriske armeen (FSA) til opposisjonen under opprøra i 2011-2012.[treng kjelde] Den 14. november 2011 etter eit åtak frå FSA mot ein buss som førte tryggingspoliti, gjekk den syriske hæren til væpna åtak mot byen og 20 FSA-medlemmar, lokale soldatar og sivile mista livet. I følgje opposisjonsaktivistar i Khirbet Ghazaleh støytte FSA saman med den syriske hæren medan beduinar frå kringliggande landsbyar kom for å hjelpe innbyggjarane i byen.[3]

Den 18. mars 2012 øydela opposisjonssoldatar ein overføring på hovudvegen for å hindre tanks å kome inn i området. Det statseigde Syrian Arab News Agency (SANA) stadfesta bombinga av brua og estimerte kostnaden av øydeleggingane til over $5 million.[4]

Den 8. mai 2013 erobra den syriske armeen byen etter to månader med intens bombing, og fekk kontroll over den internasjonale hovudvegen.[5]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads