Kicks

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Kicks» er ein song av det amerikanske rockbandet Paul Revere & the Raiders. Barry Mann og Cynthia Weil skreiv songen med The Animals i tankane, men songaren i bandet, Eric Burdon, takka nei.[2] I staden for spelte Paul Revere & The Raiders inn songen og gav han ut på singel i 1966. Singelen gjekk heilt til topps i Canada og nådde fjerdeplassen i USA. «Kicks» kom ut på det femte albumet til bandet, Midnight Ride, i mai 1966. Eit konsertopptak av songen vart spelt inn av bandet og gjeven ut på samlealbumet Greatest Hits Live i 1996.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

«Kicks» vert rekna som ein av dei første antidopsongane og kom ut i tida då tema som hippiar, eksperimentering og motkultur vart stadig meir populært på amerikansk radio.[3] Meldinga i songen vart rekna som tudatert av den gryande motkulturrørsla sidan populære artistar som The Beatles og Jefferson Airplane hadde skrive songar som stod i skarp kontrast til temaet på «Kicks.»[3] Songen har likevel fått god omtale i åra etter han kom ut.[4][5][6] I 2004 vart «Kicks» rangert på 400. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene, men på den oppdaterte lista frå 2010, var songen ute av lista.

Remove ads

Utgjeving

I mars 1966 gjekk «Kicks» inn på den amerikanske Billboard Hot 100-lista på ein 62. plass.[7] I mai det året nådde han fjerdeplassen,[8] og låg i alt 14 veker på lista.[9] I løpet av dei to første månadane, hadde singelen seld 500 000 eksemplar.[10] Det var den største hitten til Paul Revere & the Raiders til då, berre forbigått av «Indian Reservation (The Lament of the Cherokee Reservation Indian)» i 1971 som nådde toppen av lista.[11] «Kicks» vart den første singelen deira som gjekk til topps på hitlista i Canada i mai 1966.[12]

Songar-låtskrivaren David Crosby, som då var medlem av The Byrds, mislikte suksessen til songen, særleg fordi han kom ut like etter at deira eigen «Eight Miles High» var blitt boikotta av mange amerikanske radiostasjonar.[13] Crosby skildra «Kicks» som «ein dum antidopsong» som tok «eit falskt standpunkt. Med 'Eight Miles High' snakka me om noko som låg nær hjarta våre.»[13]

Beach Boys-grunnleggjaren Brian Wilson peikte ut «Kicks» som ein av favorittsongane sine av dei Terry Melcher hadde arbeidd på.[14] Bruce Eder i AllMusic kalla han «ein flott song som klarte å vere kul og antidop.»[5] I boka si Everybody Must Get Stoned frå 2009, skreiv forfattaren R.U. Sirius at «Kicks» var den beste antidopsongen.[6] Songen vart plassert på 36. plassen på lista til Paste Magazine frå 2014 over dei 50 beste garasjerocksongane gjennom tidene.[15]

Remove ads

Andre versjonar

Fleire av medlemmane i Paul Revere & The Raiders har spelt inn sine eigne versjonar av songen. Mann og Weil kom attende til songeni 2004 i musikalen They Wrote That? The Songs of Barry Mann & Cynthia Weil.[16]

Del Shannon spelte inn ein versjon av «Kicks» i 1966 på albumet hans This Is My Bag.[17] Surfrockgruppa The Challengers spelte inn songen på albumet deira California Kicks, som kom ut i 1966.[18] The Leathercoated Minds, eit studioband med J.J. Cale på gitar og produksjon, spelte songen i 1968 på albumet deira A Trip Down the Sunset Strip.[19] Det psykedeliske rockebandet Nazz spelte inn songen på det siste albumet sitt, Nazz III.[20] I 1974 fekk John Mellencamp kontrakt med MCA Records etter å ha spelt inn ein demo der han spelte songen.[21] Rockebandet Earth Quake spelte inn ein versjon av songen i 1977 på albumet deira Levelled.[22] Leif Garrett spelte «Kicks» i 1979 på albumet hans Same Goes for You.[23] David Edwards spelte ein versjon av «Kicks» på debutalbumet sitt i 1981. Naz Nomad and the Nightmares, eit sideprosjekt med medlemmmar av punkebandet The Damned, spelte inn songen i 1984 på albumet deira Give Daddy the Knife Cindy.[24] The Monkees inkluderte sin versjon av songen i 1986 på samlealbumet Then & Now... The Best of The Monkees.[25] Rockebandet The Flamin' Groovies gav ut «Kicks» på singel frå albumet One Night Stand i 1986.[26] I 1999 gav jazzgitaristen Mimi Fox ut songen på albumet Kicks.[27] Garasjerockbandet The Gants gav ut sin versjon av songen i 2000 på albumet I Wonder.[28] Everclear spelte inn songen i 2008 på albumet deira The Vegas Years.[29]

Remove ads

Innhald

7" Vinyl

  1. «Kicks» (Mann, Weil) – 2:26
  2. «Shake It Up» (Lindsay, Revere) – 3:59

Medverkande

  • Mark Lindsay – solovokal
  • Drake Levin – sologitar, korvokal
  • Phil Volk – bassgitar, korvokal
  • Paul Revere – orgel, korvokal
  • Hal Blaine – trommer
  • Jerry Cole - gitar[30]
  • Terry Melcher – produsent

Salslister

Meir informasjon Liste (1966), Plassering ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads