Kid Charlemagne
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Kid Charlemagne» er ein song av den amerikanske rockegruppa Steely Dan, som kom ut på singel i 1976 frå albumet deira The Royal Scam. Singelen nådde 82. plassen på Billboard-lista.[1] Der er ei blanding av ein funkrytme og jazzharmoniar med rock and roll-instrumentering og tekststil. Gitarsoloen av jazzfusion-gitaristen Larry Carlton vart rangert på 80. plassen på lista over dei 100 beste gitarsoloane hos Rolling Stone, som skreiv at «Seint i 1970-åra laga Steely Dan plater ved hjelp av ei rekkje, dyktige studiomusikarar i opptak etter opptak skapte ei endelaus rekkje med gitarsoloar som gjev ein hakeslepp. Larry Carlton kosmiske jazzsolo i fleire lag på dette sporet kan vere den beste av die alle: Han er så kompleks at det er ein song i seg sjølv.»[2]
Teksten fortel soga om korleis ein dopseljar kjem seg opp, før han fell ned i eit psykedelisk miljø i 1960-åra på Vestkysten i USA. Walter Becker og Donald Fagen, som skreiv songen, har sagt at teksten var laust basert på LSD-kjemikaren Owsley Stanley frå San Francisco.[3]
Remove ads
Medverkande
- Donald Fagen – solovokal, orgel
- Larry Carlton – sologitar
- Walter Becker – rytmegitar
- Don Grolnick – Fender Rhodes elektrisk piano
- Paul Griffin – Hohner Clavinet
- Chuck Rainey – bass
- Bernard Purdie – trommer
- Donald Fagen, Michael McDonald, Venetta Fields, Clydie King, Sherlie Matthews – korvokal
Anna bruk
- Kanye West sampla songen på «Champion» frå albumet Graduation i 2007. Becker og Fagen nekta først å la West bruke songen. Dei endra meining etter å ha fått eit personleg brev frå West som forklarte kor viktig songen var for han.[4]
- I TV-serien Malcolm in the Middle, i fjerde sesong episode 15, finn Hal (Bryan Cranston) ein gammal radiosendar han brukte på college for ei piratradiosending han dreiv under pseudonymet «Kid-Charlemagne».[5]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads