The Royal Scam

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

The Royal Scam er det femte studioalbumet til Steely Dan, opphavleg gjeve ut av ABC Records i 1976. Albumet selde til gullplate og nådde 15. plassen på den amerikanske albumlista.[3] The Royal Scam er meir gitardominert enn det førre Steely Dan-albumet Katy Lied, som hadde vore det første utan den opphavlege gitaristen Jeff Baxter. Gitaristane på albumet var Walter Becker, Denny Dias, Larry Carlton, Elliott Randall og Dean Parks.

Meir informasjon Steely Dan-kronologi, Singlar frå ...

Som mange andre Steely Dan-album har The Royal Scam mange kryptiske antydingar til folk og hendingar som var både verkelege og oppdikta. I eit intervju med BBC i 2000,[4] sa Becker og Fagen at «Kid Charlemagne» er laust basert på Augustus Owsley Stanley, den berykta «dopkokken» som var kjend for å produsere hallusinogene stoff, og «Caves of Altamira», basert på ei bok av Hans Baumann, handlar om tap av uskuld og soga om ein som vitjar Altamiragrotta der han vert forbløffa av dei førhistoriske teikningane. Han er òg inspirert av grotteallegorien til Platon og Keats-diktet «Ode to a Grecian Urn».

Albumet kom ut på ny på MCA Records i 1979, etter at ABC Records vart selt til MCA.

Remove ads

Plateomslag

Plateomslaget syner ein mann i dress som søv på ein radiator og tilsynelatande drøymer om eit skyskrapar-liknande monster. Plateomslaget vart måla av Zox og eit fotografi av Charlie Ganse. Det vart eigentleg laga for eit album av Van Morrison frå 1975 som aldri kom ut, Mechanical Bliss, der konseptet var ein satire over den amerikanske draumen. I teksten til plateomslaget til den ommastra utgåva frå 1999 hevda Fagen og Becker at det var «det mest grufulle plateomslaget i 70-åra, kanskje utanom Can't Buy a Thrill

Remove ads

Eagles-referanse og meir

I songen «Everything You Did», seier teksten «turn up the Eagles, the neighbors are listening.» Glenn Frey frå Eagles sa «Visstnok elska kjærasten til Walter Becker Eagles, og ho spelte dei heile tida. Eg trur han vart sprø av det. Så soga går at dei krangla ein dag og at det var starten på den linja.» Sidan dei to banda hadde same manager (Irving Azoff) og at Eagles hevda å vere stor fan av Steely Dan, var dette meir vennleg enn vondsinna.[5]

Seinare det året sende Eagles ein takk attende til Steely,[6] og inspirert av tekststilen til Steely Dan,[7] skreiv dei teksten, «They stab it with their steely knives but they just can't kill the beast» i hitten «Hotel California». Frey sa «Men ønskte å berre antyde til Steely Dan i staden for å nemne dei direkte, så 'Dan' vart endra til 'knives,' som på eit vis framleis er ein penismetafor.».[5] Timothy B. Schmit, som song korvokal på «The Royal Scam» vart seinare med i Eagles.

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Albumet fekk ikkje like god omtale som dei tidlegare albuma deira og dei fleste kritikarane var samde i at det ikkje synte noko musikalsk framgang. Den originale meldinga i Rolling Stone var derimot meir positiv,[18] og gav til slutt fem av fem stjerner i ei seinare Hall of Fame-melding.[16] I 2000 vart albumet plassert på 868. plassen på Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums.[19]

Innhald

Alle spor skrivne av Walter Becker og Donald Fagen, utanom der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

[20]

Steely Dan

Andre medverkande

Produksjon

  • Gary Katz – produsent
  • Roger Nichols – lydteknikar
  • Barney Perkins – miksing
  • Dinky Dawson – lydkonsulent
  • Walter Becker – blåsearrangement
  • Donald Fagen – blåsearrangement
  • Chuck Findley – blåsearrangement
  • Ed Caraeff – kunstnarisk leiar
  • Zox – plateomslag
  • Tom Nikosey – typografi
Remove ads

Salslister

Vekeslister

Meir informasjon År, Liste ...

Singar

Meir informasjon År, Singel ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads