King Midas in Reverse
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«King Midas in Reverse» er ein song av den britiske popgruppa The Hollies skriven av Graham Nash, men kreditert til Clarke, Nash og Hicks. Han kom ut på singel i september 1967 i september 1967 i påvente av albumet Butterfly. Songen skilde seg frå dei vanlege Hollies-songane og var sterkt inspirert av Graham Nash si reise til Amerika. Nash ønskte å ta bandet i ei ny retning, noko resten av bandet ikkje likte, og dette førte til slutt til at han slutta i bandet og flytta til USA. Singelen kom ut i Storbritannia på Parlophone (R5637) og i USA på Epic (10234). Songen vart kritikarrost, men selde dårleg for å vere ein Hollies-singel, og dei skreiv dermed den meir kommersielle songen «Jennifer Eccles» for den neste singelen deira.
Remove ads
Salslister
Andre songar
- Nash framførte songen som ein del av solodelen av konsertane sine med Crosby, Stills, Nash & Young, bandet Nash byrja i etter The Hollies. Denne kom ut i 1992 på albumet 4 Way Street.
- DCL Locomotive, ein avleggar av postpunkbandet The Cravats, gav ut ein versjon av songen 12"-singel i 1984.[7]
- The Posies spelte inn songen i 1995 for hyllestalbumet Sing Hollies in Reverse.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads