Kirsten Hansteen

norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Kirsten Hansteen
Remove ads

Kirsten Moe Hansteen (5. januar 190317. november 1974) var ein norsk kommunistisk politikar for NKP, og kvinnesaksforkjempar.[1] Ho var den første kvinnelege statsråden i Noreg.

Kjappe fakta Fødd, Død ...
Remove ads

Bakgrunn

Hansteen var fødd Kirsten Moe i Lyngen. Ho studerte filologi ved Universitetet i Oslo, der ho blei med i det radikale studentmiljøet. Ho gjekk inn i Mot Dag i 1927.[2] I 1930, gifta ho seg med advokaten Viggo Hansteen, gjekk ho over til partiet hans, NKP.

Viggo Hansteen blei dømt til døden og skoten av den tyske okkupasjonsmakta i 1941, og Kirsten Hansteen blei åleinemor for tre barn. Under krigen redigerte ho likevel det illegale bladet Kvinnefronten, som ho heldt fram med til 1945. I samarbeid med Henriette Bie Lorentzen grunnla og utgav Hansteen tidsskriftet Kvinnen og tiden i 1945, og var utgjevar fram til 1955.

I 1945 vart Kirsten Hansteen konsultativ statsråd i samlingsregjeringa, den første kvinnelege statsråden i Noreg.[3] Ho representerte AkershusStortinget frå 1945 til 1949. I tillegg til kvinnesaker, var Hansteen etter den andre verdskrigen ein pådrivar for fredsarbeid. Ho var medlem av styret i Verdensfredsrådet, og deltok på ei rekke fredskonferansar og skreiv artiklar mot atomvåpenopprusting.[4]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads