Kjeglenebb
slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kjeglenebb, eller kjeglenebbar, er ei biologisk slekt Conirostrum av små tanagarar, Thraupidae, som lever i varierte habitat: i skogshabitat, i páramo, i fuktig tåkeskog eller habitat av lågare buskar i Sør-Amerika. Nokre artar er knytt til elver i Amazonas og jamvel atlanterhavskysten, andre lever høgre opp på begge sider av Andesfjella.
Remove ads
Skildring

Foto: Ingeborg van Leeuwen

Foto: Håkan Sandin
Dette er ei gruppe som er lite einsarta i fjørdrakt, men alle er instektetarar med tynne, rettpeikande nebb. Utsjånaden av nokre artar i Amazonas kan minne om parulaer. Storleiken ligg i området 9,5 til 16,5 centimeter. Dei som lever i Andes beitar regelbunden i fleirartsflokkar.[1]
Største arten er kjempekjeglenebb på opptil 27 gram, 16,5 cm, minste er kvitøyrekjeglenebb på 7 gram, 9,5 centimeter.
Her finst stor variasjon i preferanse for høgder, perlebrystkjeglenebb held seg helst under 150 moh. i indre Amazonas, kjempekjeglenebb typisk 3300–4500 moh. Andes i Peru og Ecuador. Men arten gråkjeglenebb kan treffast i Peru frå stillehavskysten og opp til 4500 moh. i Andes.
Tamarugokjeglenebb er ein trekkfugl som hekkar i nordlege Chile og trekker nordover til sørlegaste Peru vinterstid, i april-november.
Remove ads
Artslista
Conirostrum i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]
- Raudaugekjeglenebb, Conirostrum bicolor, Bicolored Conebill, Vieillot, 1809, (NT)
- Perlebrystkjeglenebb, Conirostrum margaritae, Pearly-breasted Conebill, Holt, 1931, (VU)
- Brungumpkjeglenebb, Conirostrum speciosum, Chestnut-vented Conebill, Temminck, 1824, (LC)
- Kvitøyrekjeglenebb, Conirostrum leucogenys, White-eared Conebill, Lafresnaye, 1852, (LC)
- Kjempekjeglenebb, Conirostrum binghami, Giant Conebill, Sclater, 1860, (NT)
- Kvitbrynkjeglenebb, Conirostrum ferrugineiventre, White-browed Conebill, Sclater, 1856, (LC)
- Blåryggkjeglenebb, Conirostrum sitticolor, Blue-backed Conebill, Lafresnaye, 1840, (LC)
- Kalottkjeglenebb, Conirostrum albifrons, Capped Conebill, Lafresnaye, 1842, (LC)
- Tamarugokjeglenebb, Conirostrum tamarugense, Tamarugo Conebill, Johnson & Millie, 1972, (VU)
- Rustbrynkjeglenebb, Conirostrum rufum, Rufous-browed Conebill, Lafresnaye, 1843, (LC)
- Gråkjeglenebb, Conirostrum cinereum, Cinereous Conebill, Lafresnaye & d'Orbigny, 1838, (LC)
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads