Kjempekjeglenebb

art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Kjempekjeglenebb
Remove ads

Kjempekjeglenebb (Conirostrum binghami) er ein sporvefuglart i slekta kjeglenebb, Conirostrum, som tilhøyrer tanagarfamilien Thraupidae. Tidlegare vart han rekna som den einaste medlemmen av den monotypiske slekta Oreomanes.[1] Han høyrer heime i høgtliggjande Andes-regionar i nordvestlege og vestlege Sør-Amerika.

Kjappe fakta
Remove ads

Taksonomi og systematikk

Arten C. binghami vart først skildra av den amerikanske ornitologen Frank Michler Chapman i 1919 under det vitskaplege namnet Oreomanes binghami; typeområdet er: «ruinane av Cedrobamba, Machu Picchu, ca. 3660 moh, Peru».[2]

Det tidlegare synonyme taxa Oreomanes fraseri vart skildra av den britiske zoologen Philip Lutley Sclater i 1860, under same vitskaplege namn, med typeområdet «Chimborazo, ca. 4270 moh, Ecuador».

Slektsnamnet Conirostrum består av dei latinske orda conus: «kjegle», og rostrum: «nebb»;[3] og artsnamnet binghami heidrar den nordamerikanske akademikaren og oppdagaren Hiram Bingham.[2] Arten er monotypisk.

Remove ads

Skildring

Thumb
Illustrasjon av Jennens i Proceedings of Zoological Society of London, 1859

Kjempekjeglenebb blir 15 til 16 cm lang og veg mellom 22 og 27 gram. Nebbet er langt og spist. Han er hovudsakleg grå på oversida med ei kort kastanjebrun stripe over auget og kvite kinn som er tydelege; undersida er kastanjebrun i varierande intensitet. Fuglane frå nord har ei jamt grå krone, medan dei i sør har varierande mengder kvitaktige nyansar i panna. Kjønna er like i fjørdrakt.[4][5]

Utbreiingsområdet er fragmentert frå sørvestlegaste Colombia, i Nariño-departementet, langs Andes sør til provinsen Salta i nordlegaste Argentina. Den største samanhengande utbreiinga finst i Peru frå Ancash-regionen sørover langs Andes og inn i Tarapacá-regionen i nordlegaste Chile. I Bolivia finst han i 4-5 åtskilde høgtliggande område. Han har fråvære mellom Azuay-provinsen i Ecuador og Ancash i Peru.[6]

Kjempekjeglenebb er ein insektetar som kan ta edderkoppar og supplere litt med blomsterblad.[5] Han lever åleine eller i grupper på fem eller færre. Denne arten er sterkt knytt til Polylepis-vekstar. Han flår borken av Polylepis-tre for å finne insekt. Arten er ein sesongmessig hekkefugl og byggjer reir i starten av regntida, i Bolivia frå oktober til desember. Reiret er ein open «kopp» plassert i Polylepis-greiner, og kullet er mest vanleg to egg. Begge foreldra rugar egga, matar ungane og fjernar avføring.[7]

Remove ads

Status

Det naturlege habitatet er i små Polylepis-vekstar nær eller over tregrensa, hovudsakleg i høgder mellom 3500 og 4200 meter, sjeldnare eller lokalt lågare ned til 2700 meter eller opp til 4850 meter.

Kjempekjeglenebb er klassifisert som nær trua av Verdas naturvernunion (IUCN) på grunn av mistanken om at populasjonen, som enno ikkje er kvantifisert, kan vere i moderat rask tilbakegang som følgje av habitatøydeleggingar av Polylepis-skog og fragmentering i heile utbreiingsområdet. Populasjonane bør overvakast nøye for å slå fast raten av tilbakegang.[6]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads