Kjelfossen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kjelfossen er den sjette høgaste fossen i Noreg og Europa ut frå totalt fall. Han ligg i Gudvangen i Aurland kommune i Vestland. Fossen består av fleire mindre fall. Det øvste fallet er det høgaste med ei lengd på 149 meter. Elva er ikkje regulert. Høgda på fossen er omstridd. Ut frå Statens Kartverk sine kart er høgda mest truleg 755 meter, men Statistisk Sentralbyrå rangerer fossen som den høgaste i Noreg med eit samla fall på 840 meter.[1]
Kjelfossen består av tre fossar. Den største av dei vert ofte kalla Store Kjelfossen og ligg lengst til venstre. Fossen i midten vert kalla Vetle Kjelfossen, medan den siste og minste ikkje har namn.

Foto: Alfred Diem
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads