Fossar i Noreg

Wikimedia-listeartikkel From Wikipedia, the free encyclopedia

Fossar i Noreg
Remove ads

Noreg er eit land med mange fossefall, og dei høgaste fossane i landet er av dei høgaste fossane i både Europa og heile verda.

Thumb
Mardalsfossen vert stundom feilaktig rekna for å ha det høgaste fossefallet i Noreg

Myter og mistydingar

Kva som er dei høgaste fossane i landet er ofte omdiskutert. Ofte vert fossar som er lett tilgjengeleg eller som vert rekna som turistattraksjonar feilaktig omtalt som høgast i landet eller i eit område. Fossar med større volum ser gjerne meir imponerande ut enn fossar med lite vatn, og vert òg stundom feilaktig prioritert på lister over dei høgaste fossane. Høgda på fossar kan målast ut frå både total høgd om fossen har fleire fall og høgda på det høgaste fallet. Desse omgrepa kan stundom forvekslast. Både Vettisfossen og Feigefossen har vorte omtalt som dei høgaste i landet.[1] Mardalsfossen er eit anna døme og sjølv Vøringsfossen, som er den 113. høgaste i landet, har vorte kalla den høgaste i Noreg.[2]

Mange fossar i landet er regulerte med omsyn på vasskraftproduksjon og ei anna feilkjelde er at kraftindustrien kan omtale det maksimale høgdepotensialet til ei elv som kan utnyttast i kraftproduksjonen. Denne høgda er ikkje nødvendigvis den same høgda som sjølve fossefallet.

Remove ads

Høgaste fossar i landet

Den høgaste fossen i Noreg etter totalt fall er truleg Vinnufossen i Sunndal kommune i Møre og Romsdal med ei høgd på 865 meter. Dette gjer han òg til den høgaste fossen i Europa og den sjette høgaste i verda. Det høgaste fallet i Vinnufossen er 735 m og Mongefossen i Rauma i Møre og Romsdal har det høgaste enkeltfallet i Noreg med 773 meter. Mongefossen er regulert og tørrlagt store delar av året.

Remove ads

Liste

Lista inneheld fossane i Noreg med ei totalt fall på 30 meter eller høgare. Lista inneheld både fossar med lite volum og fossar som berre eksisterer til somme tider på året. Denne typen fossar vert ikkje alltid tatt med på slike lister.

Enkelte høgder kan vere noko unøyaktig, så lista kan innehalde feil. Det kan òg finnast fleire fossar på over 30 meter i Noreg.

Meir informasjon Namn, Høgd (m) ...
Remove ads

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads