Kjell Jonevret
svensk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kjell Anders Jonevret (fødd 28. juni 1962) er ein svensk fotballtrenar og tidlegare fotballspelar. Hen er for tida hovudtrenar for Viking FK. Der han vart tilsett 19. juni 2012 og fekk då ein kontrakt ut 2015 sesongen (tre og eit halvt år).
Remove ads
Karriere
Han vart tilsett som trenar for Molde Fotballklubb i desember 2006, og tok MFK til siger og opprykk frå 1. divisjon i 2007. I 2008 vart det ein 9. plass i Eliteserien og semifinale i cupen.
I 2009 leia han Molde FK til sølv i Eliteserien og sølv i den norske cupen. Den 30. august 2010 fekk han sparken som hovudtrenar av klubben på bakgrunn av dei svake sportslege resultata den sesongen.
Jonevret kom til Molde frå trenarjobben i Djurgårdens IF Fotboll. Han leda Djurgården til svensk serie- og cupmeisterskap i 2005. I 2005/06 sesongen spelte klubben Champions League-kvalifisering mot Juventus. Djurgården leia 2-0 borte mot Juventus men det enda 2-2. I returen vann italienarane 4-1. Han fekk sparken etter 2006-sesongen fordi dei sportslege ambisjonane til klubben ikkje var oppnådd.
Han var assistenttrenar under Erik Hamrén i AIK Fotboll og Vasalund.
Jonevret vart som spelar cupmiester med Viking i 1989, med siger over nettopp Molde i finalen.
Remove ads
Merittar
Som trenar
- SM-gull (2005) med Djurgården
- Svensk cupmeister (2004, 2005) med Djurgården
- Addecoligameister (2007) med Molde FK
- Sølv i Tippeligaen (2009) med Molde FK
- Sølv i den norske cupen (2009) med Molde FK
Som spelar
- Tidenes toppscorar på IF Brommapojkarna
- Cupmeister med Viking FK (1989) (slo Molde i finalen)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads