Kjelvik

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kjelvik
Remove ads

71°0′7.9″N 26°6′44.9″E

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Kjelvik (nordsamisk Goaskinvággi) er ei fråflytta bygd på Magerøya i Nordkapp kommune i Finnmark fylke.

Ho var etter Honningsvåg den nest største tettstaden på Magerøya inntil staden vart brent av okkupasjonsmakta i 1944. Kjelvik hadde tidleg på 1900-talet om lag 80 innbyggarar, dei fleste av finsk avstamming. I 1930 var det 236 innbyggarar i Kjelvik. Etter krigen vart staden berre delvis attreist. På 1960-talet flytta dei fleste som var att frå staden, og frå midten av 1970-talet var det ingen fastbuande igjen.[1]

Kjelvik var fram til 1950 namnet på dagens Nordkapp kommune. Kommunen var utskild frå Kistrand i 1861. Staden er avmerka som «Kelwyck» på Mercator sitt kart Atlas Minor frå 1613.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads