Kjernebitar

art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Kjernebitar
Remove ads

Kjernebitar (Coccothraustes coccothraustes) er ein sporvefugl i finkefamilien Fringillidae. Han hekkar over mykje av Europa og temperert Asia. Han er hovudsakleg ein standfugl i Europa, men mange asiatiske fuglar rører lenger seg sør om vinteren. Dei næraste nolevande slektningane er gulbrynkjernebitar i Nord-Amerika og tåkekjernebitar i Mellom-Amerika, spesielt Mexico.

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Den 16,5-18 cm lange kjernebitaren er ein kraftig bygd fink med stort hovud, tjukk hals og massivt nebb. Halen synast kort i flukt. Hovudet er oransjebrunt med svart augestripe og svart smekk, nebbet er mørkt om sommaren, men bleikare om vinteren. Øvre delar er mørkebrune og undersida oransje.[1]

Dei kvite vengbanda og halsespissen er slåande i flukt. Kjønna er nokså like like. Kontaktropet er eit hardt, skarpt 'pix'. Songen til denne diskret fuglen er lågmælt mumlande 'zrri'.[1]

Kjernebitaren er utbreidd i Europa frå Sør-Sverige, sørlegaste Noreg og Finland, Aust-Asia, inkludert Nord-Japan, Nord-Afrika (Marokko, Tunisia og Algerie). Han har fråvære frå Island, deler av Dei britiske øyane, det meste av Skandinavia og visse middelhavsøyer. I Asia lever han i Kaukasus, nordlege Iran, Afghanistan, Turkistan, Sibir, Mandsjuria og Koreahalvøya. Hekkeområdet dekker mykje av Europa og temperert Asia. Han er hovudsakleg ein standfugl i Europa, men mange asiatiske fuglar trekker sør om vinteren. Han er ein sjeldan streiffugl til dei vestlege øyane i Alaska og har dessutan vore observert som streiffugl på Island, Færøyane og Kanariøyane.[2]

Lauvskog eller blanda skog, inkludert parkområde, med store tre - spesielt agnbøk - er favorisert til hekkinga. Kjernebitar byggjer reiret i ein busk eller eit tre og legg 3-5 egg. Maten er hovudsakleg frø og fruktkjernar, spesielt av kirsebær, som han knekker med det kraftige nebbet. Han er istand til å utføre ei kraft på opptil 50 kilogram mot ei nøtt.[2] Denne store finkearten er vanlegvis sett i eit par eller ei lita gruppe.

Populasjonen er estimert til mellom ca 10 og 20 millionar modne individ og er trudd å vere aukande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[3]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads