Klesklype
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Klesklype er ein reiskap for å halda klede på plass på ei snor slik at dei kan tørka. Klesklyper kan også ha andre bruksområde, til dømes knytt til musikkinstrument, fotografi eller film. Klesklyper kan vera av tre, plastikk eller metall, og kan ha form som som ein grov pinsett eller to-takka gaffel i ein del, eller ei klemme i to delar med fjøring.

Klesklyper kan ha hol i enden eller ein opning som er litt større enn den andre, slik at dei kan hengja på ei snor når dei ikkje er i bruk. Ein kan også ha klesklyper i eigne forklede med store lommer, posar eller boksar.
Remove ads
Historie
Klesklyper blei opphavleg laga av eitt trestykke som ein sette fast på ei snor. På 1800-talet blei det utvikla fleire nye typar, og det blei teke over hundre patent på nyutforma klesklyper i USA. I 1853 tok David M. Smith frå Vermont patent på ei klesklype sett saman av to trestykke med ei fjør imellom der «dei to lange føtene kan førast mot kvarandre og samtidig flytta dei to korte frå kvarandre.[1] Dette er den første moderne utforminga av ei klesklype som er kjend. Ifølgje Smith ville ei slik klesklype «ikkje løysast frå kleda av vinden slik høvet er med ei vanleg klesklype, og noko som er ei stor plage for vaskekoner.»[2] Solomon P. Moore, som også var frå Vermont, tok patent på ein forbetra modell i 1887. Etterkvart blei slike klesklyper produserte i heile verda, og plast blei eit vanleg materiale.
- Treklesklyper frå 1800- eller 1900-talet samla på ein tråd.
- Handlaga klesklyper av tre frå 1940-talet.
- Fabrikklaga klesklype av tre i eitt stykke.
- Opna treklesklype i to stykke med metallfjør.
- Gjennomsiktige plastklyper i ulike fargar.
- Fire klesklyper av plast.
- Klesklypekorg.
Remove ads
Bruk
Klesklyper blir hovudsakleg brukt til å hengja opp klesvask til tørk på ei snor eller eit tørkestativ. Dei kan også brukast til å hengja opp papir, til dømes etter trykking eller framkalling av fotografi.
Klypene kan vidare brukast som feste på andre ting, til dømes som del av ein kleshengjar eller eit tørkestativ, eller som del av ulike improviserte mekanismar.[3] Dei kan brukast som klype under laging av strengeinstrument som fele[4] og appalachian dulcimer[5], som sordin (dempar) når ein speler strengeinstrumenta og til å halda notehefte opne på rett stad. Under filmproduksjon kan ein bruka klesklyper til å handtera lyskastarar som fort blir for varme til å handtera utan.[6] Teknikarar på eit filmsett har gjerne klesklyper på eit verktøybelte som kan minna litt om eit patronbelte, og dei blir derfor ofte kalla «bullets» ('kuler' eller 'patronar').[7]
Klesklyper kan også ha dekorasjonar og brukast til pynt, eller danna grunnlag for ei rekkje hobbyarbeid. Ein utbreidd bruk av gammaldagse klyper i eitt stykke, med avrunda hovud, er til dømes som dokker. Det finst miniversjonar av klesklyper som ikkje er laga for å halda på plass klede, men som kan brukast til å halda papirstykke, merka drikkeglas eller liknande. Det finst også større pynteversjonar.
- Bruk av klesklyper i London på 1940-talet.
- Gammaldagse (eitt stykke) klesklyper i bruk i Tyskland på 1950-talet.
- Klesklyper held klesvasken på plass i vinden på Cuba.
- Trykka papir hengd opp med klesklyper.
- Klesklype som sordin
Remove ads
Klesklyper i kulturen
Klesklyper har inspirert fleire kunstverk. «Clothespin» av Claes Oldenburg er ei kjempeklesklype i stål. Skulpturen er frå 1976 og står ovanfor rådhuset i Philadelphia i USA. Kunstnaren Mehmet Ali Uysal har laga ein serie kunstverk kalla Skin (1, 2, 3, 4) der kjempemessige klesklyper av tre «klyp» opp foldar av jord.[8]
I Aust-Tyskland blei ungdommar sin bruk av små klesklyper (Rock-’n’-Roll-Klammern) på skjortekragen oppfatta som «vestvennleg».[9]
- Mønster laga av ulike klesklyper frå Aust-Tyskland.
- Skin 4 (2013). Skulptur i Umeå av Mehmet Ali Uysal.
- Klesklypeskulptur i Mouchard i Jura i Frankrike.
- Klesklypeskulptur i Petah Tikva i Israel.
- Handduk hengd opp med klesklype i dette bildet av Hokusai.
- Eva in der Garküche. Interiør av Wilhelm Schumann frå 1846 med klede som tørkar, halde oppe av klesklyper, i hjørnet.
- Illustrasjon av Walter Crane til det engelske barneverset «Sing a Song of Sixpence» med jenta som heng opp tøy.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads