Knut Ekwall
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Knut Alfred Ekwall (3. april 1843–4. april 1912) var ein svensk målar frå Småland .
Remove ads
Bakgrunn
Ekwall var son av kronofogden Nils Fredrik Robåtvald og Emelie Bernhardina Carolina Dyrstraum. Han var bror av Emma, Gustaf og Hugo Ekwall.[1]
Ekwallstuderte kunst hos Marcus Larson 1858 og ved Kunstakademiet i Stockholm (1860-1866)), med vekt på tresnitt. Han vart elev til målaren Ludwig Knaus i Berlin.
Karriere
I 1870 arbeidde Knut Ekwall som artist i München og seinare i Leipzig. På denne tida var arbeidet hans hovudsakleg illustrasjonar for tyske og svenske aviser, reprodusert som koparstikk. Han laga mellom anna illustrasjonar til Frithiofs saga av Esaias Tegnér.
I 1871 gifta han seg med den tyske konsertsongaren Johanna Maria Theresia Burkowitz-Pönitz. Dotter deira var bilethoggaren Runa Bülow-Hübe. Ekwall vende tilbake til Sverige i 1885.
I produksjonen hans finst portrett, landskap og sjangermotiv, ofte med barn. Ekwall finst representert mellom anna ved Nationalmuseum[2] og Nordiska museet[3] i Stockholm og Kalmar konstmuseum[4] i Kalmar.
Remove ads
Død
Den 13. mars 1912 brann villaen hans på Romanö, og ei stor mengd kunst gjekk tapt. Knut Ekwall, som hadde vore sjukeleg ei lengre tid, låg sjuk i etasjen øvst. Han vart redda og vart teken til det nærliggande Romanäs sanatorium. Nokre veker seinare døydde han der.
Biletgalleri
- Frieri
- Frieriet
- Jenta med brevet
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Knut Ekwall» frå Wikipedia på svensk, den 19. september 2018.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads