Knut Knudsen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Knut Knudsen (fødd 12. oktober 1950 i Levanger) er ein norsk tidlegare proffsyklist og olympisk meister som representerte IL Sverre.
Knudsen vann 4 000 meter forfølgingsritt på bane i Sommar-OL 1972 og i VM 1973. Han vann NM elleve gonger, og har to kongepokalar. Han sykla profesjonelt i Italia frå 1974 til 1981 og vann seks etappesigrar i Giro d'Italia. I tillegg til etappesigrar i Giro d'Italia sykla han ved to høve, i 1975 og i 1981, med den rosa leiartrøya i det prestisjefylte rittet. Han vart kåra til verdas beste temporytter av to av dei største sportsmagasina i verda. Til saman vann han 49 proffsigrar.[1]
Etter OL-gullet i 1972 vart Knudsen tildelt Morgenbladets gullmedalje, Fearnleys olympiske ærespris og Sportsjournalistenes statuett som årets idrettsnamn i Noreg. Statuetten som årets idrettsnamn fekk han òg det påfølgjande året for VM-sigeren.
I 1975, etter ein positiv dopingtest, fekk Knudsen ti minutts tilleggstid i eit ritt i Belgia.[2]
I 1977 gav han ut boka På hjul med K.K. saman med Torbjørn Børte.
Remove ads
Viktige sigrar
- 1978
- Trofeo Laigueglia
- Trofeo Baracchi
- 1979
- Giro del Trentino
- Tirreno-Adriatico
- 1980
- GP Eddy Merckx
- 1981
- GP Eddy Merckx
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads