Knut Risan
norsk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Knut Risan (19. februar 1930–1. februar 2011) var ein norsk skodespelar frå Trondheim.

Biografi
Han debuterte på Nationaltheatret i 1956 som «Kasper» i Folk og røvere i Kardemomme by og spelte i 147 ulike roller fram til han pensjonerte seg i 1998. Nokre av dei viktigaste rollene hans var tittelrolla i Tartuffe, «Nils Lykke» i Fru Inger til Østraat, «Rørlund» i Samfundets støtter og «Wangel» i Fruen fra havet. Avskjedsførestillinga hans var Måken av Anton Tsjekhov. Risan hadde også gjesteopptredenar ved Den Norske Opera, Den Nationale Scene og Riksteatret.
Risan hadde fleire roller i Fjernsynsteateret, fyrst og fremst vert han hugsa som «Torvald Helmer» i Et dukkehjem, med Lise Fjeldstad som motspelar i rolla som «Nora». Mange hugsar han også som Edmond Dantes i dramatiseringa av Greven av Monte Cristo tidleg på 1960-talet.
Innanfor musikkteateret spelte han m.a. i Flaggermusen, Den glade enke og Tolvskillingsoperaen. Dessutan hadde han fleire filmroller, t.d. som kongen i Reisen til Julestjernen. Han spelte «Blomsterhandler Rosengren» i barne-TV-serien Jul i Skomakergata frå 1979. Han var også kjent som den norske forteljaren i Tre nøtter til Askepott, der han gav stemme til alle karakterane. Risan jobba i tillegg i fleire år som stemme over programreklamar på TV 2. Med si karakteristiske mørke røyst stod han for den legendariske setninga «-Du tror det ikke før du får se det» i samband med TV-serien X-files.
Risan har også lese inn ei rekke lydbøker. I 1993 mottok han Per Aabels ærespris.
Risan var gift med skodespelarinna Astrid Folstad.
Remove ads
Filmografi
- 2006 Hotel Cæsar ... Annonsør av neste episode
- 2003 Nasse Nøff ... Ugle
- 2001 Forviklinger på gården i to deler ...forteljar
- 2000 Tigergutt ... Ugle
- 2000 102 dalmantinere ... Doktor Pavlov
- 1999 En annerledes jul ...forteljar
- 1998 Mulan ... General Li
- 1998 Skraphandlerne kommer tilbake ...forteljar
- 1997 Den lille traktoren Gråtass ...forteljar
- 1993 Tommelise
- 1991 Sirre Strikk og Padde Ball på nye eventyr
- 1990 Bernard og Bianca i Australia ... Kengeru
- 1989 Den lille havfruen ... Kong Tritan
- 1988 Lille søster kanin + Sirre Strikk og Padde Ball
- 1986 Mesterdetektiven Basil Mus ... Basil Mus
- 1985 Taran og den sorte gryte ... Dallben
- 1981 To gode venner - Todd & Copper ... Todd
- 1979 Jul i Skomakergata ... Blomsterhandler Rosengren
- 1977 Bernard og Bianca ... Snoops
- 1976 Reisen til Julestjernen ... Kongen
- 1973 Tre nøtter til Askepott ...forteljar (voiceover)
- 1973 Robin Hood
- 1973 Et dukkehjem (TV) ... Torvald Helmer
- 1961 Sønner av Norge
- 1960 Venner ... Journalist i butikken
- 1937 Snehvit og de syv dvergene (orig. Snow White and the Seven Dwarfs)
Remove ads
Kjelde
- Artikkelen er omsett frå bokmålswikipedia den 20. februar 2011.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads