Kokosmakron
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kokosmakron er ei småkake laga av egg, sukker, kveitemjøl og kokosmasse.

I Noreg blir ho tradisjonelt bakt til jul, og kan vera eit av dei sju slaga. Ein kokosmakron skal helst vera sprø på utsida og seig inni.[1]


Andre land
Makroner er kjende sidan 1500-talet, og stammar truleg frå Italia.[2] I Tyskland er kaka også typisk julebakst. Kokosmakronen er også vanleg i Sverige, der han blir kalla kokostopp, Frankrike, der dei blir kalla congolais eller rocher coco, Australia, USA og Nederland. I Australia tek dei ofte ei lita mengd bringebærsyltetøy i midten av makronen før steiking.
Variantar
Ein variant av kokosmakron er kokoskrans, ei småkake forma som ein runding eller krans.
Ein kan også ha sjokoladeglasur på toppen av kokosmakronen.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads