Korinthía

From Wikipedia, the free encyclopedia

Korinthía
Remove ads

Periferieininga Korinthía (gresk Περιφερειακή ενότητα Κορινθίας, Periferiakí enótita Korinthías) ei periferieining i Hellas i periferien Peloponnes.[2] Hovudstaden i periferieininga er Korint. Det er den tredje mest folkerike periferieininga på Peloponnes.

Meir informasjon Periferieininga Korinthía Περιφερειακή ενότητα Κορινθίας ...

Korintkanalen mellom Korintbukta og Egearhavet ligg 4 km aust for Korint, gjennom Korinteidet. Áji Theódori, som ligg lengst aust i Korinthía, vert rekna som ein forstad til Aten.

Remove ads

Geografi

I nord og vest finn ein store jordbruksområde der det vert dyrka oliven, tomater, grønsaker, medan mindre fjell dominerer i vest og i sør. Det høgaste fjellet er Kyllíni i vest og den største innsjøen er Stymfalíasjøen i sørvest.

Korinthía har varme somrar og milde vintrar, men kan få ein del snø i fjella om vinteren. .

Administrativ inndeling

Tidlegare var Korinthía eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i seks kommunar.[2]

Meir informasjon Periferieining, Kommune ...
Remove ads

Historie

Frå 1833 til 1899 var Korinthía slått saman med Argolída i prefekturet Argolidokorinthia og inkluderte øyane Ýdra, Spétses og Kýthira. Argolída vart igjen ein del av Korinthía i 1909. Førti år seinare, i 1949, vart prefektura skild frå kvarandre igjen.

Økonomi

Hovudnæringane er turisme og jordbruk. Fram til 1950-åra dominerte jordbruket økonomien, men turisindustrien har stadig tatt meir og meir over.

Byar og tettstader

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Meir informasjon Tettstad, Kommunaleining ...
Remove ads

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kjelde

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads