Korjakar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Korjakar er ei folkegruppe frå Kamtsjatkahalvøya i austlege Russland. Rundt 8 000 menneske høyrer til gruppa. Dei lever først og fremst i Kamtsjatka kraj.


Korjakar har mykje til felles med nabogruppa tsjuktsjiar, og begge bruker nemninga luorawetlan ([ɬəɣʔorawetɬʔat]; eintal [ɬəɣʔorawetɬʔan]), som tyder 'det verkelege folket', om seg sjølv.
Remove ads
Språk
Korjakar talar språket korjakisk som er nært i slekt med tsjuktsjisk og høyrer til språkfamiljen tsjukotko-kamtsjatkiske språk.
Historie

Korjakane levde i eit område som strekte seg heilt til nivkhområda i dagens Khabarovsk kraj fram til evenar kom til området og trengde dei ut til dagens område.[1] Talet på korjakar blei kraftig redusert av ein kopparepidemi i 1769-1770 og krigar mot russiske kosakkar, frå rundt 10-11 000 folk i 1700 til 4 800 i 1800.[2] I den russiske folketeljinga frå 2010 var det 7 953 korjakar.[3]
Før Russland tok kontroll over regionen levde korjakane i patriarkale storfamiliar. Nokre familiar var nomadiske og levde av reindrift. Andre levde fast i landsbyar og levde av jakt eller kvalfangst. Kvalfangsten deira gjekk tilbake på 1800-talet då talet på kvalar gjekk kraftig ned grunna industriell kvalfangst frå andre land. I staden auka fiske i tyding for korjakane. I den sovjetiske tida blei også dei nomadiske gruppen bufaste.
Under Sovjetunionen blei det autonome distriktet Korjakia skipa i 1931. Etter ei lokal folkerøysting i 2005 blei det slått saman med Kamtsjatka kraj frå 1. juli 2007.[4]
Remove ads
Sosialt liv

Tradisjonelt levde korjakane i koniske telt kalla tsjum dekte med mange skinn av til dømes reinsdyr. Midt i teltet var ein årestad som i dag gjerne er blitt bytta ut med ein jernomn. Senger med reinsdyrskinn på låg på austsida av teltet, som også hadde små skåp til å lagra mat, klede og andre eigedelar. Desse bygningane blir framleis brukt i dag, men mange korjakar bur no også i trehus.
Klede var tradisjonelt av skinn, igjen gjerne reinsdyr. Menn hadde lause bukser og ei skinnskjorte som ofte hadde hette. Medan ein i dag gjerne har gått over til å bruka tekstilklede, bruker dei framleis ofte tradisjonelle hattar og støvlar av skinn. Kvinner hadde liknande klesdrakt som menn, men med lengre skjørt som nådde leggen. I dag bruker kvinner gjerne hovudtørkle og skjørt av tekstilar, men bruker reinsdyrkåper i kaldt vêr.
Religion

Dei flesta korjakane følgjer framleis tradisjonell sjamanisme. Mytologien krinsar rundt ein overnaturleg sjaman Quikil (Stor-ramn), som var den første mannen og vernar om korjakane.[4] Ramnemyter finst også hjå tlingitfolk og tsimshianfok på Haida Gwaii og andre urfolk i Alaska.[4]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads