Kosmisk geofysikk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kosmisk geofysikk er ei grein innan romforsking der ein studerer geofysiske fenomen, tilhøve og prosessar i den øvre jordatmosfæren og magnetosfæren. I engelsk språk finn ein òg namnet Solar-Terrestrial Physics ('sol-jord-fysikk') for fagområdet. Dette viser til at det er sola som er energikjelda, og for å få heilskapen må ein òg inkludere denne.
Forskingsområde innan kosmisk geofysikk er koplinga og energioverføringa mellom solvind, magnetosfære, ionosfæren, atmosfæren og ned til jorda. Område innan kosmisk geofysikk er mellom anna jordmagnetisme, fysikken i den øvre atmosfæren, polarlysfysikk og ionosfære- og magnetosfærefysikk.
Remove ads
Kjelder
- kosmisk geofysikk. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/kosmisk_geofysikk
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads