Kowloon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kowloon (ˌkaʊˈluːn; tradisjonell kinesisk 九龍, kantonesisk Gáulùhng) er eit byområde i Hong Kong som omfattar Kowloon-halvøya og Ny-Kowloon. Det har kyst mot Lei Yue Mun-sundet i aust og grensar til bustadfeltet Mei Foo Sun Chuen og den tidlegare øya Stonecutter's Island i vest. I nord ligg ei fjellkjede som omfattar Tate's Cairn og Lion Rock, og i sør ligg Victoria Harbour med overfart til Hong Kong-øya. Kowloon har ein folkesetnad på rundt 2 millionar og ein folketettleik på 43 033/km2 (2006), og er det folkerikaste byområdet i Hong Kong. Halvøya har ein flatevidd på rundt 47 km².
Remove ads
Ordsoge
Namnet «Kowloon» kjem frå omgrepet 'Ni drakar' som viser til åtte fjell og ein kinesisk keisar: Kowloon Peak, Tung Shan, Tate's Cairn, Temple Hill, Unicorn Ridge, Lion Rock, Beacon Hill, Crow's Nest og keisar Bing av Song.[1]
Historie

Den delen av Kowloon som ligg sør for Boundary Street blei saman med Stonecutters Island overgjeve av Qing-dynastiet til Storbritannia under Pekingkonvensjonen av 1860. I ei årrekkje var området stort sett uutbygd, og blei hovudsakleg brukt av britane til tigerjakt.[2]
Bygningar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads