Krig og fred

From Wikipedia, the free encyclopedia

Krig og fred
Remove ads

Krig og fred (russisk Война и мир, Vojna i mir) er ein historisk roman av Lev Tolstoj som kom ut i 1869. Han er vanlegvis rekna som det eine av dei to meisterverka til Tolstoj, saman med Anna Karenina.

Kjappe fakta Forfattar(ar), Språk ...

Handlinga går føre seg frå 1805 til 1820 i eit russisk adelsmiljø under Napoleonskrigane og tek for seg fem russiske adelsfamiliar og dessutan ei stort mengd bipersonar. Boka skildrar napoleonstida sin innverknad på russisk overklasse og korleis russarane mobiliserer til forsvar under Napoleon sitt felttog i Russland i 1812. Delar av romanen er skriven på fransk, sidan dette var daglegspråket til overklassen i Russland før revolusjonen.

Remove ads

Persongalleri

Thumb
Personar i Krig og fred

Personane i boka er russisk høgadel som hoffdama Anna Pavlovna, den uekte grevesonen Pierre Bezukhov og venen hans Andrej Nikolajevitsj Bolkonskij, svirebroren hans Anatol Kuragin, systera hans Hélène og faren deira fyrst Vasilij, alle frå St. Petersburg. I Moskva er grev Ilja Rostov og kona hans Natalja med fire barn viktige figurar. To av desse, Natasja og Nikolaj, og Maria Bolkonskaja blir særleg viktige seinare i boka.[1]

Remove ads

Omsetjingar og innspelingar

I 1885 blei den franske utgåva frå 1879 omsett til dansk. Edvard Brandes tok æra for omsetjinga, som i røyndomen var gjort av kona til Paul Gauguin, Mette Sofie Gad.[2] I 1884 førebudde Brandes oppstarten av avisa Politiken, og trong ein føljetong til henne. Brandes selde òg omsetjinga til Gustav Philipsens forlag, som gav ut romanen som hefte i subskripsjon. Mette Gauguin gjekk glipp av æra og blei attpåtil dårleg betalt, med berre kr 15,- per ark.[3]

I 1895–1896 kom den ut i ny utgåve omsett direkte frå russisk av Wilhelm Gerstenberg (1844–1912). I 1930–31 blei ho omsett til norsk av Erik Krag, og denne omsetjinga kom i ei rekkje utgåver. I 1967 kom det ei nynorsk utgåve i fire bind omsett av Arne Gallis, Bjarne Fidjestøl og Olav Rytter. Geir Kjetsaa nyomsette i ei utgåve utgjeven frå 2001 til 2004. I 1928 gav Nasjonalforlaget ut Tolstojs samla verk som minneutgåve med Krig og fred i seks bind, omsett frå russisk av Martin Gran.

Det er òg spelt inn ei lydbokutgåve lesen av Magnus Grønneberg og ei komplett lydbokutgåve på 28 timar lesen av Anders Ribu. I 1977 blei Krig og fred sett opp som teaterstykke på Rogaland Teater.

Remove ads

Filmatiseringar

Boka er blitt filmatisert fleire gonger. Ein sovjetisk versjon frå 1966-7 regissert av Sergej Bondartsjuk er åtte timar lang og vann ein oscarpris i kategorien beste utanlandske film. Den best kjende vestlege filmversjonen er ein Hollywoodversjon frå 1956 med Audrey Hepburn og Henry Fonda.[4][5][6] I 1972 laga BBC ein dramaserie på tjue episodar med Antony Hopkins i hovudrolla som Pierre.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads