Kringle
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kringle er ein type bakverk med form som to samansette ringar. Kringler kan vera salte eller søte, og etast til dømes som kaffimat eller snacks.

Ein kan baka kringle av kveite- eller rugmjøl. Deigen blir rulla ut til ei lang, smal pølse og forma som åttetal eller ringar.
Remove ads
Variantar
I mange land har kringle blitt symbolet for eit bakeri. Den salte kringla er populær i Sentral-Europa. På tysk blir denne typen kalla Brezel. Ein variant av tyske Brezel er Laugenbretzel, som blir bakt av kveitemjøl, malt, salt, gjær og vatn. Ein Laugenbrezel blir ofte strødd med grove saltkron eller med karve.
Kringler kan òg bakast søte, med mjølk, egg, smør, sukker, kveitemjøl og gjær.[1] Södertäljekringla frå Södertälje er eit døme på denne typen bakverk.[2][3]
Remove ads
Opphav og tyding
Ei klassisk kringle førestiller krosslagde armar.[4] Det var vanleg at ein bad på denne måten i mellomalderen.[5] Det blir hevda at det var ein italiensk munk som skapte bakverket på 600-talet, at kringlene symboliserte elevane hans under bønnetida og at elevane fekk kringle som pris.[5] Kringle fekk der namnet pretiolas, som tyder ‘liten pris’.[5] I resten av Europa blei kringle sett som eit symbol på flaks, langt liv og suksess.[5]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads