Kristeleg Folkepartis Ungdom
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU) (samisk Risttalaš Álbmotbellodaga Nuorat (RAN), kvensk Kristilisen Kansanparttiin Nuoriso (KrKN)) er ungdomspartiet til Kristeleg Folkeparti (KrF). Det vart skipa i 1946. KrFU er eit kristendemokratisk parti som plasserer seg i sentrum av norsk politikk. I 2017 vart Martine Tønnessen vald til leiar i KrFU.
Ungdomspartiet er medlem av den Europeiske paraplyorganiasjonen YEPP, og samarbeider med sine nordiske søsterparti gjennom KDUN.
Remove ads
Politikk
KrFU er eit kristendemokratisk parti. Den kristendemokratiske ideologien er ein sosial, verdiorientert ideologi som plasserer KrFU (saman med KrF) i sentrum av norsk politikk. KrFU er, som andre ungdomsparti, meir radikale enn sitt moderparti, og for KrFU gjeld det spesielt innan utvikling og miljø.
Viktige saker som karakteriserer KrFU:
- Grunnlovsfesting av retten til liv.
- Ansvarleg og radikal miljøpolitikk.
- Omfordeling av ressursane i verda, gjennom auka bistand, meir gjeldsslette og handel med utviklingsland.
- Eit likestilt samfunn der alle har like moglegheiter, uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn eller seksuell legning.
- Ein meir human og meir solidarisk flyktning- og asylpolitikk.
Remove ads
Organiasjon
KrFU sin organisasjon er delt opp i tre ulike nivå; sentralleddet, fylkes- og lokallag.
Sentralleddet består av eit arbeidsutval, samansett av leiar og nestleiarar – og eit sentralstyre. Både sentralstyre og arbeidsutval blir valt på det årlege landsmøtet. KrFU har sitt landskontor i Øvre Slottsgate 18-20.
Tidlegare leiarar
|
|
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads