Kristiansand katedralskole

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kristiansand katedralskole
Remove ads

Kristiansand katedralskole Gimle er ein vidaregåande skule i Kristiansand som vart grunnlagd 20. november 1686,[1] etter at privilegia for katedralskule vart ført over frå Stavanger til Kristiansand. Han vart latinskule i 1734, og er den eldste skulen på Sørlandet.

Kjappe fakta Skuletype, Org.form ...
Remove ads

Historie

Kristiansand katedralskole (Katta) vart grunnlagd omtrent 535-635 år etter dei fem andre norske katedralskulane i Oslo, Hamar, Trondheim, Bergen og Stavanger - som vart grunnlagde i tida 1152-1153 og 1260. Skulen låg fyrst ved Kristiansand domkyrkje, i den såkalla Latinskulen (frå 1734). På 1930-talet vart skulen utvida med ein ny bygning i Kirkegaten. Etter å ha hatt tilhald i Kvadraturen i nesten 300 år, flytta skulen inn i nybygde lokale på Gimle på 1970-talet.

Hausten 2007 vart skulen slått saman med Gimle videregående skole, tidlegare Kristiansand Handelsgymnas.[2] Arne Rosenvold var den siste rektoren før skulane vart slegne i hop. Opphavleg tilbydde Kristiansand katedralskole ålmennfaglege studietilbod, medan Kristiansand handelsgymnas tilbydde økonomisk-administrative fag. Den samaslåtte skulen har eit breiare fagtilbod, med undervisning også i enkelte yrkesfag.

Latinskulebygningen huser no kontor for Domkyrkja kyrkjelyd. Bygningen i Kirkegata/Skippergata blei teken over av Sørlandets kunstmuseum i 2000.[3]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads