Kristin

kvinnenamn From Wikipedia, the free encyclopedia

Kristin
Remove ads

Kristin er eit kvinnenamn som opphavleg er ei kortform av Kristine eller Kristina, som er avleidd av Kristian og tyder 'den kristne'. Christin er ein annan skrivemåte for Kristin.

Thumb
Politikaren Kristin Halvorsen.
Foto: Kjetil Ree.
Thumb
Songaren Kristin Jensen i musikkgruppa Hopalong Knut.
Foto: Håvard Kallestad
Thumb
Den tyske skøyteløparen Kristin Wieczorek.
Foto: Uwe Langer

Kristin har namnedag i Noreg og Sverige den 24. juli.

Remove ads

Variantar

Kristin er også eit færøysk mannsnamn, ei form av Kristian. Kristinn er et islandsk mannsnamn med same opphav. Den islandske forma av kvinnenamnet er Kristín. Fransk Christine blir uttalt nokså likt Kristin, men utan trykk og med begge i-ane korte. Kristi, Kirsti, Kirsten, Kjerstin og Kjersti er andre variantar av namnet.

Bruk

I Noreg var namnet Kristin nesten ikkje i bruk før 1940, men bruken voks til ein topp på 1960-talet og fram til rundt 1985, då over 1,0 % (rundt 1965 over 1,6 %) av nyfødde jenter fekk namnet Kristin. I dag er dette det mest brukte blant nærskylde namn. Det er nær 17 000 kvinner som har Kristin til førenamn, opp mot det heitte 11 000 Kristine, 3 000 Kristina, 900 Kristi og 499 Kristiane (SSB 2004).

Remove ads

Kjende namneberarar

Namnet i kulturen

Kristin Lavransdatter er hovudpersonen i ein kjend trilogi av Sigrid Undset.

Annan bruk

Kristinfeltet er eit naturgassfelt i Norskehavet.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads