Kristin Lysdahl
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kristin Anna Lysdahl (fødd 29. juni 1996) er ein norsk alpin skirennar frå Asker, medlem i Asker Skiklubb. Ho vann OL-bronse med Noregs lag i mannskapstevlinga under Vinter-OL 2018.
Lysdahl har delteke i verdscupen i alpine greiner sidan 27. desember 2016. 2019-sesongen enda ho på 20. plass i den totale verdscupen. 2021-sesongen vart ho nummer 7 i slalåmøvinga i Verdscupen. 13. november 2021 tok Lysdahl tredjeplassen i eit parallell-renn i Lech am Arlberg, hennar einaste pallplass individuelt i verdscupen.
Under dei olympiske vinterleikane 2018 i Pyeongchang var Lysdahl, saman med Sebastian Solevåg, Nina Haver-Løseth og Leif Kristian Haugen, med om å kapre tredjeplassen i mannskapsøvinga. I den alpine verdsmeisterskapen 2021 i Cortina d'Ampezzo rende Lysdahl inn til sjuandeplass i slalåmrennet.
Ho vann gull i kombinasjonen under NM 2017 og vart noregsmeister i slalåm i 2019.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Kristin Lysdahl» frå Wikipedia på bokmål, den 4. mars 2022.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads