VM i alpine greiner 2017
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Den 44. verdsmeisterskapen i alpine greiner vart avvikla i tida 6. til 19. februar 2017 i St. Moritz i kantonen Graubünden i Sveits. Meisterskapen omfatta 11 tevlingar. Både menn og kvinner tevla kvar i fem individuelle øvingar, medan i ei lagtevling deltok to utøvarar frå begge kjønn på dei ulike laga. Det var fjerde gongen den alpine ski-verdsmeisterskapen vart arrangert i St. Moritz, sist i 2003.
589 deltakarar frå 77 land var påmelde til meisterskapen. Noregs tropp, som bestod av sju menn og seks kvinner, sikra seg ein sølvmedalje ved Kjetil Jansrud i super-G og ein bronse ved Leif Kristian Haugen i storslalåm. Henrik Kristoffersen og Aleksander Kilde kom begge på fjerdeplass i to ulike øvingar, medan Ragnhild Mowinckel var beste norske kvinne med sin sjetteplass i super-G.
Austerrikaren Marcel Hirscher med to gullmedaljar og ein sølv, og dobbelt gullvinnar Tessa Worley frå Frankrike var dei fremste utøvarane i meisterskapen.
Remove ads
Menn
Slalåm
Dato: 19. februar 2017
Høgdeskilnad: 190 m
Storslalåm
Dato: 17. februar 2017
Høgdeskilnad: 355 m
Super-G
Dato: 8. februar 2017
Løypelengd: 1920 m, høgdeskilnad: 600 m
Utfor
Dato: 12. februar 2017
Løypelengd: 3050 m, høgdeskilnad: 800 m
Kombinasjon
Dato: 13. februar 2017
Utfor: løypelengd: 2920 m, høgdeskilnad: 705 m
Slalåm: høgdeskilnad: 180 m
Kvinner
Slalåm
Dato: 18. februar 2017
Høgdeskilnad: 190 m
Storslalåm
Dato: 16. februar 2017
Høgdeskilnad: 355 m
Super-G
Dato: 7. februar 2017
Løypelengd: 2059 m, høgdeskilnad: 550 m
Utfor
Dato: 12. februar 2017
Løypelengd: 2633 m, høgdeskilnad: 705 m
Kombinasjon
Dato: 10. februar 2017
Utfor: løypelengd: 2059 m, høgdeskilnad: 550 m
Slalåm: høgdeskilnad: 155 m
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Alpine Skiweltmeisterschaft 2017» frå Wikipedia på tysk, den 22. februar 2017.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads