Krk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Krk (italiensk Veglia, latin Curicta) er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia, nær Rijeka (italiensk Fiume) i Kvarnerbukta (italiensk Quarnaro) og ein del av Primorje-Gorski Kotar fylke.

Krk er den nest største øya i Adriahavet med eit areal på 405,22 km², og den mest folkesette med mange landsbyar. Sjølv om nylege studiar har vist at Cres (italiensk Cherso) er den største kroatiske øya, seier offisielle data at Krk er den største.
Heile øya hadde 19 916 innbyggjarar i 2021, kommunen Krk hadde 6 816 og sjølve byen hadde 3 935 innbyggjarar.[1]
Remove ads
Økonomi og infrastruktur
Krk ligg forholdsvis nær fastlandet og har vore forbunde til fastlandet via ei 1 430 meter lang bogebru, kalla Krkbrua, sidan 1980, ei av dei største betongbruene i verda. Sidan ho ligg nær byen Rijeka, ligg Rijeka flyplass ved Omišalj, i tillegg til eit oljeraffineri (som er knytt til hamna i Rijeka. Eit kloster ligg på den litle øya Košljun i ei bukt utanfor kysten av Krk.
Krk er ein populær feriestad sidan ho ligg nær både Slovenia, sørlege delar av Tyskland, Austerrike, og Nord-Italia. Etter at Austblokka kollapsa har mange turistar òg kome frå Ungarn, Romania og andre tidlegare austblokkland.
Remove ads
Historie
Øya har vore busett sidan før 900-talet fvt. Romarane kalla øya Curicta. Under Den romerske borgarkrigen var Curictabukta åstad for sjøslag mellom flåtane til Cæsar og Pompeius
Over tusen år seinare vart øya sentrum for Vegliot-dialekten i det dalmatiske språket. Krk var òg sete for biskopar og Frankopan-familien i mellomalderen.
Folketal
Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane, fordelt på kommunane, var:
Dei største tettstadene på øya var:
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads