Kryolitt er eit fargelaust til kvitt mineral med liten hardleik. Det krystalliserer monoklint og består av natrium, aluminium og fluor, Na3AlF6. Den einaste større førekomsten er ved Ivittuut (Ivigtut) i Kitaa på Vest-Grønland, der kryolitt, sideritt og fleire andre mineral finst i ei slags pegmatitt. Drifta ved Ivittuut vart innstilt 1962.
Lett oppløyseleg i AlCl3-løysing, oppløyseleg i H2SO4 med utviklinga av HF, som er giftig. Uoppløyseleg i vatn.[1]
Andre eigenskapar
Svak termoluminescens. Små klåre fragment vert nesten usynlege i vatn, sidan brytingsindeksen deira er nær vatnet sin. Kan fluorescere intenst gul under kortbølgja UV-stråling med gul fosforescens, og bleik gul fosforescens under langbølgja UV. Ikkje radioaktiv.
Det viktigaste bruksområdet til mineralet er som flussmiddel for å senke smeltetemperaturen ved aluminiumproduksjonen, men til dette føremålet blir det no nytta kryolitt som er framstelt kunstig av fluoritt. Kryolitt nyttast òg som katalysator i elektrolyse under produksjon av aluminium.
Kryolittgruva ved Ivigtut på Grønland, sommaren 1940
Kryolitt vart først skildra i 1799 frå ein førekomst i Ivigtut og nær Arsukfjorden på Grønland. Mineralet er påvist frå Gjerdingen-ekeritten i Nordmarka ved Oslo.