Kufstein
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kufstein er ein bykommune i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 39,4 km² med 18 700 ibuarar i 2016. Byen Kufstein, som er hovudstad i distriktet Kufstein, ligg 504 meter over havet i Tiroler Unterland og Unterinntal og er den mest folkerike byen i forbundslandet etter Innsbruck. I nordvest har Kufstein kommune ei kort grense til delstaten Bayern i Tyskland.
Byen har namn etter festninga Kufstein, kjend frå 1205. Festninga, som dominerer bybiletet, ligg ved i inngangen til Inndalen og har gjennom hundreåra spelt ei viktig strategisk rolle.
Glasprodusenten Riedel, våpenfabrikken Voere og sportsutstyrprodusenten Kneissl held alle til i Kufstein.
Skirennaren Christian Pravda var frå Kufstein.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Kufstein» frå Wikipedia på tysk, den 14. mai 2016.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads