Kuli
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kuli er ei nemning på ein asiatisk dagløna kroppsarbeidar eller ein person som arbeidde på langvarige kontraktar, langt frå heimstaden. Nemninga gjekk or bruk mange stader kring andre verdskrigen.

- For øya, sjå øya Kuli.

Ordsoge
Ordet «kuli» har mange moglege opphav, og truleg har mange av desse påverka kvarandre.[1] Den vestindiske kasten koḷī blir ofte vist til som opphav, det same gjer tamilsk kūli (verbet 'hyra').[1] Urdu/hindi-ordet qulī (क़ुली) har opphav i det utdøydde tyrkiske språket tsjagataisk, og viste opphavleg til slavar. Frå urdu og engelsk spreidde ordet seg til mange indiske språk og vart deretter teke i bruk av dei mange europeiske kolonimaktene, særleg om kinesiske og indiske arbeidarar.
Remove ads
Historie
Kuliar vart oftast sett til å gjere grovarbeidet på plantasjar eller andre store verksemder. Dei hadde inngått ei kuli-kontrakt, der dei på strenge vilkår batt seg til oppdraget sitt, gjerne for fleire år. Kulien vart jamnast sett til om lag ti timar dagleg hardt arbeid, og måtte alltid halde seg på den arbeidsplassen der arbeidgjevaren ville ha han/henne.
Nemninga «kuli» vart nytta om folk frå ei rad asiatiske rike. Gjennom 1800-talet var det mykje nytta om kinesarar som i strie straumar vandra langt bort frå heimetraktene. Mange hamna i Søraust-Asia, andre vart skipa til arbeid i Mellom-Amerika og Sør-Amerika. Også kinesarar som reiste til dei vestlege delane av Nord-Amerika og tok arbeid vart kalla kuliar, noko dei i ein rettsleg forstand ikkje var; nemninga «kuli» vart brukt i antikinesisk propaganda for å hindre meir innvandring frå Kina.[2]
Remove ads
Moderne tyding

Ordet «kuli» eller «coolie» blir i dag brukt fleire stader i verda med ulik tyding. I ein del område med innbyggjarar av kuli-opphav kan det brukast nedsetjande om desse, til dømes i Karibia og Sør-Afrika.[3] I India er det derimot ei nøytral yrkesnemning for berarar.[4]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads