Kulvert
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ein kulvert (av fransk ‘kanal, rennestein’ )[1] er ein nedgraven tunnel laga for gjennomføring av til dømes vatn, trafikk, tekniske installasjonar eller kombinasjonar av desse. Kulvertar kan også reknast som små bruer.[2]


Ein lagar ein kulvert ved at å grava ei open grøft som blir bygd inn og seinare dekt til att. Til blir tunnelar gravne, sprengde eller fullprofilbora gjennom terrenget. Dei fleste kulvertane blir i dag bygde i betong, gjerne som prefabrikkerte betongelement. Nokre kulvertar er laga av korrugerte stålrøyr som blir fylt over med lausmassar. På jernbanen var det i si tid vanleg å byggja kulvertar av hogd stein.
Dei fleste kulvertar er relativt små konstruksjonar. Ein typisk kulvert er ein undergang under ein veg og er laga for at kryssande trafikk skal kunna passera under vegen. Større kulvertar blir mest bygde i bymessige strøk der sjølve vegen blir lagd i kulvert over ei lengre strekning for å spara nærmiljøet for støy og anna ureining frå trafikken. I slike tilfelle kan ein nytta arealet oppå kulvertlokket til formål som vegar, plassar, ein park eller til å plassera bygningar på. Kulvertar blir også brukte til å laga viltovergangar, mellom anna er det brukt kulvertar på Gardermobanen for å skapa trygg overgang for elg. Dette er gjort ved at det er bygd opp ein kunstig haug som ein har laga tunnel gjennom. Vidare er det vanleg med kulvertsamband mellom bygningar på større bygningsmessige anlegg, som industrianlegg, sjukehus og kontorkompleks.
Små kulvertar som leier vatn gjennom vegar eller jernbanefyllingar blir kalla stikkrenner.
Remove ads
Norsk klassifisering
I det norske dataformatet SOSI 4.0 blir stikkrenner klassifiserte som gjennomløp med lysopning (diameter) mindre enn 1 meter, medan kulvertar blir klassifiserte som gjennomløp med diameter mellom 1 og 2,5 meter. Gjennomløp med diameter over 2,5 meter blir klassifiserte som bruer.[2] I daglegtale skil ein likevel ikkje skarpt mellom dei ulike omgrepa.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads