Kurt
mannsnamn From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kurt, Curt eller Kort er mannsnamn med tysk utspring; opphavleg ei lågtysk form av Konrad, «Han som gjev djerve råd». Kon (Kühn eller Kuon) tyder djerv, dristig eller uredd, medan Rad (Rat) tyder råd eller rådslag.
Medan Konrad er kjend i Noreg frå 1300-talet, har kortformane Kurt og Kort spreidd seg sidan 1400-talet. I dag vert ikkje Kort nytta. Bruken av gutenamnet Kurt kulminerte rundt 1960, og er ikkje eit vanleg dåpsnamn i dag.
Remove ads
Namnedagar
Kurt har norsk namnedag den 26. november, medan namnet blir feira den 12. november i Sverige.
Kjende berarar av namnet
- Curt Adelaer (1622-1675), dansk-norsk admiral
- Kurt Kristoff von Schwerin (1684-1757), prøyssisk offiser
- Kurt von Schleicher (1882-1934), tysk rikskanslar før Adolf Hitler
- Curt Bräuer (1889-1969), tysk diplomat i Noreg under andre verdskrigen
- Kurt Badinski (1890-1966), nazistisk offiser
- Kurt Huber (1893-1943), sveitsisk medlem av den kvite rosa
- Kurt Weill (1903-1950), tysk-amerikansk komponist
- Kurt Georg Kiesinger (1904-1988), tysk sambandskanslar
- Kurt Gödel (1906-1978), austerriksk matematikar
- Kurt Meyer (1910-1966), nazistisk offiser
- Kurt Waldheim (1918-2007), austerriksk diplomat og politikar
- Kurt Vonnegut (1922-2007), amerikansk forfattar
- Kurt Mosbakk (f. 1934), norsk politikar (Ap)
- Kurt Stille (f. 1934), dansk skeiseløpar
- Kurt Hamrin (f. 1934), svensk legendarisk fotballspelar
- Kurt Wüthrich (f. 1938), sveitsisk nobelprisvinnar i kjemi
- Kurt Lenhard Olsen (f. 1951), ordførar i Lødingen
- Kurt Allan Nilsen (f. 1954), ordførar i Tysfjord
- Kurt Aust (f. 1955), dansk forfattar
- Kurt Oddekalv (f. 1957), miljøvernaktivist og leiar i Norges Miljøvernforbund
- Kurt Cobain (1967-1994), vokalist i grunsjrock-bandet Nirvana
- Kurt Asle Arvesen (f. 1975), norsk syklist
- Kurt Nilsen (f. 1978) norsk vinnar av Idol i 2003
- Kurt Heggestad (f. 1982), norsk fotballspelar
Oppdikta namneberarar
- Hovudpersonen i Erlend Loe sin bokserie om Kurt (t.d. Kurt blir grusom)
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- Søk etter norsk namnestatistikk for Kurt hjå Statistisk Sentralbyrå
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads