Kuwait by
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kuwait by (arabisk مدينة الكويت) er hovudstaden og største byen i Kuwait. Han har eit folketal på om lag 3 millionar innbyggjarar i storbyområdet. Byen er det politiske, kulturelle og økonomiske senteret i Kuwait. Han vert også rekna som ein global by. Byen vert tent av Kuwait internasjonale lufthamn, Mina Al-Shuwaik (Shuwaik hamn) og Mina Al Ahmadi (Ahmadi hamn).
Remove ads
Historie
Tidleg historie
I 1613 vart Kuwait by grunnlagd. I 1716 slo bani utubar seg ned i Kuwait. Då utubane kom til området, var Kuwait berre busett av få fiskarar og var hovudsakleg berre ein fiskelandsby.[2] På 1700-talet blømde Kuwait og vart raskt det viktigaste handelssenteret for gjennomfart av varer mellom India, Muscat, Bagdad og Arabia.[3][4] Midt på 1700-talet hadde Kuwait alt etablert seg som ein del av den store handelsruta frå Persiabukta til Aleppo.[5]
Under den persiske kringsetjinga av Basra, i 1775–79, søkte irakiske kjøpmenn tilflukt i Kuwait og vart delvis medverkande til å utvide båtbygginga og handelsaktiviteten i Kuwait.[6] Resultatet av dette var at sjøhandelen til Kuwait auka kraftig.[6] Mellom åra 1775 og 1779 gjekk indiske handelsruter til Bagdad Aleppo, Smyrna og Konstantinopel via Kuwait.[5][7] Det britiske austindiske kompaniet vart avleidd til Kuwait i 1792.[8] Det britiske austindiske kompaniet sikra sjørutene mellom Kuwait, India og austkysten av Afrika.[8] Etter persarane trekte seg ut av Basra i 1779, fortsette Kuwait å trekkje handel bort frå Basra.[9]
Kuwait var eit senter for båtbygging i Persiabukta.[10][11] Seint på 1700-talet og på 1800-talet var det fartøy laga i Kuwait som førte det meste av varene mellom India, Aust-Afrika og Raudehavet.[12][13][14] Kuwaitiske fartøy var kjende over heile Indiahavet.[15] Regional geopolitisk turbulens var medverkande til aukande velstand i Kuwait på andre halvdel av 1700-talet.[16] Kuwait vart velståande på grunn av ustabiliteten i Basra seint på 1700-talet.[17] Seint på 1700-talet fungerte Kuwait delvis som ei trygg havn for kjøpmenn i Basra som flykta frå osmansk forfølgjing.[18] I følgje Palgrave fekk kuwaitarane eit rykte som dei beste sjømennene i heile Persiabukta.[15][19][20]
1900-talet

Under styret til Mubarak Al-Sabah vart Kuwait kalla «Golfen sitt svar på Marseille» fordi dei gode økonomiske tilhøva trekte til seg mange slags folk.[21] Tidleg på 1900-talet vart Kuwait langt mindre viktig økonomisk sett i regionen,[22] hovudsakleg på grunn av mange handelsblokadar og depresjon i verdsøkonomien.[23] Før Mary Bruins Allison vitja Kuwait i 1934, mista Kuwait statusen det hadde hatt i langdistansehandel.[22] Under fyrste verdskrigen innførte Det britiske imperiet ein handelsblokade mot Kuwait fordi regenten i Kuwait støtta Det osmanske riket.[24][25] Den britiske handelsblokaden gjekk hardt ut over økonmien til Kuwait.[25]
I 1937 skreiv Freya Stark om omfattande fattigdom i Kuwait på den tida:[26]
Fattigdomen har breitt om seg i Kuwait i langt større grad enn då eg vitja staden for fem år sidan, både til sjøs, der perlehandelen framleis er i tilbakegang, og på land, der blokaden til Saudi-Arabia no går ut over kjøpmennene.
Somme handelsfamiliar forlét Kuwait tidleg i 1930-åra på grunn av dei harde tidene. Då det vart oppdaga olje i 1937, var dei fleste av innbyggjarane i Kuwait i fattigdom.
Gullalderen (1946–1982)
Frå 1946 til 1982 opplevde Kuwait aukande velstand driven av olje og liberal atmosfære.[27][28][29] På folkemunne vert åra mellom 1946 og 1982 kalla «Gullalderen».[27][28][29][30] I 1950 vart det sett i gang store offentlege anleggsprosjekt som betra levestandarden til kuwaitarane. I 1952 var landet blitt den største oljeeksportøren i Perisabuktområdet. Denne massive veksten trekte til seg mange utanlandske arbeidarar, særleg frå Palestina, Egypt og India. I juni 1961 vart Kuwait sjølvstendig då det britiske protektoratet enda og sjeik Abdullah Al-Salim Al-Sabah vart emir. Etter den nye grunnlova, heldt Kuwait det første parlamentsvalet sitt i 1963. Kuwait var den første av golfstatane som oppretta ei grunnlov og eit parlament.
I 1960- og 1970-åra var Kuwait det mest utvikla landet i regionen.[31][32][33] Kuwait var ein pioner i Midtausten innan diversifisering av inntektene dei fekk frå oljeeksporten.[34] Den kuwaitiske investeringsfondet er det første statlege investeringsfondet i verda. Frå 1970-åra og frametter, scora Kuwait høgast av alle dei arabiske landa på Human Development Index.[33] Kuwait universitet vart skipa i 1966.[33] Teaterindustrien i Kuwait var velkjend gjennom heile den arabiske verda.[27][33]
I 1960- og 1970-åra vart pressa i Kuwait skildra som den friaste i verda.[35] Kuwait var ein pioner innan den litterære renessansen i den arabiske regionen.[36] I 1958 vart magasinet Al Arabi publisert første gongen og vart det mest populære magasinet i den arabiske verda.[36] Mange arabiske forfattarar flytta til Kuwait på grunn av ytringsfridomen her, som var større enn andre stader i den arabiske verda.[37][38][39] Kuwait vart ein fristad for forfattarar og journalistar frå alle stader i Midtausten. Den irakiske diktaren Ahmed Matar forlét Irak i 1970-åra og søkte tilflukt i det meir liberale miljøet i Kuwait.[40]
Det kuwaitiske samfunnet omfamna liberale og vestlege haldningar gjennom 1960- og 1970-åra.[41] Dei fleste kuwaitiske kvinner gjekk ikkje med hijab i desse åra.[42][43] På Kuwait universitet var miniskjørt meir vanleg enn hijab.[44]
1980-åra til i dag
Tidleg i 1980-åra opplevde Kuwait ei stor økonomisk krise etter Souk Al-Manakh-krakket og fall i oljeprisen.[45]
Under Iran-Irak-krigen støtta Kuwait Irak. Gjennom 1980-åra var der fleire terroråtak i Kuwait, mellom anna bombingane i Kuwait i 1983, kapring av fleire fly frå Kuwait Airways og attentatforsøk mot emir Jaber i 1985. Kuwait var eit regionalt senter for vitskap og teknologi i 1960- og 1970-åra, og fram til tidleg i 1980-åra,[46] og den vitskaplege forskingssektoren leid kraftig av desse terroråtaka.[46]

Etter Iran-Irak-krigen enda, avslo Kuwait eit irakisk krav om å ettergje ei gjeld på 65 milliardar amerikanske dollar. Ei økonomisk rivalisering følgde mellom dei to landa etter Kuwait auka oljeproduksjonen sin med 40 %.[47] Spaninga mellom dei to landa auka ytterlegare i juli 1990, då Irak klaga til OPEC og hevda at Kuwait stal olje frå eit felt nær grensa med å bore på skrå frå Rumaila-feltet.[47]
I august 1990 invaderte og annekterte irakiske styrkar Kuwait. Etter ei rekkje mislykka diplomatiske forhandlingar, leia USA ein koalisjon for å fjerne dei irakiske styrkane frå Kuwait, i det som er blitt kjend som Golfkrigen. Den 26. februar 1991 klarte koalisjonen å drive dei irakiske styrkane bort. Då dei trekte seg ut sette irakiske styrkar oljebrunnar i brann med ein brente jords-taktikk.[48] Under den irakiske okkupasjonen vart meir enn tusen sivile kuwaitarar drepne.[49] I tillegg vart meir enn 600 kuwaitarar sakna under okkupasjonen,[50] og kring 375 leivningar vart funnen i massegraver i Irak.
I mars 2003 var Kuwait springbrettet for den USA-leia invasjonen av Irak. Då emir Jaber døydde, tok Saad Al-Sabah over etter han, men han vart fjerna etter ni dagar av det kuwaitiske parlamentet på grunn av dårleg helse. Sabah Al-Sabah vart svoren inn som emir. I 2011–2012 var det kuwaitiske demonstrasjonar med ønske om nye reformer. Parlamentet vart oppløyst i desember 2011 på grunn av demonstrasjonar mot parlamentet. Statsministeren gjekk av.
Remove ads
Geografi
Kuwait by ligg ved Kuwaitbukta, ein naturleg djupvasshamn. 90 % av innbyggjarane i Kuwait bur langs denne kysten.
Klima
Kuwait by har eit varmt ørkenklima (Köppen: BWh) og er ein av dei varmaste byane i verda om sommaren. Sommartemperaturen går ofte over 45 °C, og temperaturar over 50 °C er ikkje uvanlege om sommaren, særleg i heitebølgjer. Om natta går temperaturen sjeldan under 30 °C. Om vinteren er det derimot langt kjøligare og temperaturane går ofte under 8 °C.
Det kjem ofte sandstormar om sommaren frå shamalvinden . Sandstormane kan oppstå når som helst på året, men kjem oftast om sommaren og sjeldnast på hausten.
Galleri
- Kuwaittårna
- Byhorisonten
- Kuwait børs
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads