Kvalme
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kvalme eller nausea (av latin nausea, og av gresk ναυσία - nausia[1]) er ei kjensle av uro eller ubehag i den øvre delen av magesekken, med ein ufriviljug trong etter å kaste opp.[2] Det blir somme gonger fylgt av oppkast, men ikkje av regel. Langvarig kvalme blir rekna som eit utmattande symptom.

Kvalme er eit ikkje-spesifikt symptom, som tyder at det finst fleire moglege årsaker. Vanlege årsaker er rørslesjuke, ørske, uvete, mage-tarmkatarr og matforgifting. Det er ein vanleg attåtverknad ved bruk av lækjemiddel som til dømes kjemoterapeutika (cellegift) og vomitiv. Det kan også skuldast angst, avsky og depresjon.[3][4][5] Morgonkvalme kan oppstå i tidleg svangerskap.
Lækjemiddel som førebyggjer og mildnar kvalme blir kalla antiemetika.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.