Kvitstjertinka

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kvitstjertinka
Remove ads

Kvitstjertinka (Coeligena phalerata) er ein kolibri med utbreiing utelukkande i Sierra Nevada de Santa Marta i nordlege Colombia, og der avgrensa til høgder frå 1400 til 3700 moh.

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Kvitstjertinkaen er ein stor kolibriart, ca. 14 cm i kroppslengd, og kjønna har særs stor skildnad i fjørdrakt, til dømes er det berre hannfuglen som har kvit stjert. Hannen har dessutan turkis iriserande panne og mørkeblå strupeflekk, og kroppen elles i metallisk grønt. Hoa har overside i lysare, skinande grønt, krona meir uklår blågrøn og undersida kanelfarga. Ho har ein bronsjefarga stjert og har dessutan monaleg lengre nebb enn hannen. Begge kjønna har kløfta stjert, men det er mest framtredande hos hannfuglane.

Hekkeområdet for arten er på ca. 4,700 km2 i alpin, fuktig skog. Dei beitar nektarfuksiablomar, bananblomar og andre, og dei kan plukke ulike små leddyr frå blader og ved å snappe dei i flukt.

Storleiken på populasjonen er ikkje estimert, og er trudd å vere minkande. Arten er kategorisert som livskraftig av BirdLife International.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads