Kvitnilen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kvitnilen (arabisk النيل الأبيض an-nīl al-'abyaḍ) er ei elv i Afrika som er den minste av dei to viktigaste sideelvene til Nilen. Den største er Blånilen.[1] Nemninga «Kvit» kjem frå leiresediment som blir ført med vatnet i elva og gjer vassfargen bleik.[2]
I streng forstand viser «Kvitnilen» til elva som blir danne ved No-sjøen, ved samløpet til elvene Bahr al Jabal og Bahr el Ghazal. I breiare forstand viser «Kvitnilen» til alle delane av elva som renn ut frå Victoriasjøen til ho renn saman med Blånilen: «Victorianilen» frå Victoriasjøen via Kyogasjøen til Albertsjøen, deretter «Albertnilen» til grensa til Sør-Sudan, og deretter «Fjellnilen» eller «Bahr-al-Jabal» ned til Nosjøen.[3] «Kvitnilen» kan til tider omfatta kjeldeelvane til Victoriasjøen, med den fjernaste 3700 km frå Blånilen.[4]
Den europeiske leitinga etter kjelda til Nilen på 1800-talet var hovudsakleg fokusert på Kvitnilen, som forsvann inn i det som då var kjent som «mørkaste Afrika».
Remove ads
Løp
Kjelder

Kageraelva, som renn inn i Victoriasjøen nær byen Bukoba i Tanzania, er den lengste tilførsleelva til Victoriasøen, sjølv om det ikkje er semje om kva som er den lengste bielva til Kagera, og dermed den lengste kjelda til Nilen.[5] Kjelda til Nilen kan reknast som anten Ruvyironza, som kjem frå Bururi-provinsen i Burundi[6] (nær Bukirasaz), eller Nyabarongo, som renn ut av Nyungwe-skogen i Rwanda.[7]
Desse to elvane renn saman nær Rusumo-stryka på grensa mellom Rwanda og Tanzania. Kagera er ein del av grensene mellom Rwanda og Tanzania og Uganda før ho renn ut i Victoriasjøen.
I Uganda

I Uganda er Kvitnilen kjend som «Victorianilen» frå Victoriasjøen gjennom Kyogasjøen til Albertsjøen, og deretter som «Albertnilen» derfrå til grensa med Sør-Sudan.
Victorianilen

Victorianilen nyrjar ved utløpet av Victoriasjøen, i Jinja i, Uganda, på den nordlege breidda av innsjøen.[8] Nedstrøms for Nalubaale-kraftverket og Kiira-kraftverket ved utløpet av innsjøen renn elva over Bujagalistryka (der Bujagali-kraftverket ligg), ca. 15 km nedstrøms frå Jinja. Elva renn då nordvest gjennom Uganda til Kyogasjøen i midten av landet, og deretter vest til Albertsjøen.
Ved Karumastryka renn elva under Karumabrua i det søraustre hjørnet av Murchison Falls nasjonalpark. Under mesteparten av opprøret til Herrens motstandshær var Karuma-broen, bygd i 1963 for å hjelpa bomullindustrien, den viktigaste stoppestaden på vegen til Gulu, der køyretøy samla seg i konvoiar før dei fekk militær eskorte på den siste delen av ruta. I 2009 kunngjorde styresmaktene i Uganda planer om å byggja eit vasskraftanlegg på 750-megawatt fleire kilometer nord for brua, som var planlagt fullført i 2016.[9] Verdensbanken hadde godkjent finansiering av eit mindre kraftverk på 200 megawatt, men Uganda valde eit større prosjekt som landet vil finansiera internt om nødvendig.[10]
Like før elva renn inn i Albertsjøen blir ho tvinga inn til ei breidd på berre sju meter ved Murchison Falls, stryka som markerer inngangen til den vestlege greina av den aust-afrikanske riftdalen. Elva strøymer så inn i Albertsjøen på motsett side av Monts Bleus i Den demokratiske republikken Kongo.
Den delen av elva som renn frå Kyogasjøen til Albertsjøen blir tidvis kalla «Kyoga-nilen».[11]
Albertnilen

Elva som renn ut frå Albertsjøen mot nord blir kalla «Albertnilen». Ho skil West Nile sub-region i Uganda frå resten av landet. Det går bru over Albertnilen nær staden der ho renn inn i Nebbi-distriktet, men det er ikkje bygd andre bruer over denne elvedelen. Ein ferje bind saman vegane mellom Adjumani og Moyo, og elles tek ein seg over elva i småbåt eller kano.
Sør-Sudan og Sudan
Frå punktet der elva renn inn i Sør-Sudan frå Uganda går ho under namnet «Fjellnilen». Frå No-sjøen i Sør-Sudan blir elva til Kvitnilen i strengaste forstand. Ho held fram nordover til Sudan, der ho endar ved samløpet med Blånilen.
Fjellnilen

Frå Nimule i Sør-Sudan, nær grensa til Uganda, er elva kjend som «Fjellnilen» eller «Baḥr al-Jabal» (også Baḥer el-Jebel, بحر الجبل), bokstaveleg ‘Fjellelv’ eller ‘Elv frå fjellet’.[12][13] Den sørsudanske delstaten Central Equatoria som elva renn gjennom var kjend som Bahr al-Jabal fram til 2006.[14]
Sørdelen av elva har fleire stryk før ho når Sudan-sletta og den enorme sumpen Sudd. Ho går til innsjøen No, der ho renn saman med Bahr el Ghazal og dannar Kvitnilen.[15][16] Ei elv som heiter Bahr el Zeraf renn ut frå Bahr al-Jabal og gjennom Sudd før ho til slutt renn saman att med Kvitnilen. Fjellnilen renn gjennom smale kløfter og over ein serie stryk som inkluderer Fulatryka.[16][17]

Sjølve Kvitnilen
For nokre byrjar Kvitnilen ved samløpet av Fjellnilen og Bahr el Ghazal ved No-sjøen.[15]
Dei 120 kilometrane av Kvitnilen som renn aust frå Nosjøen til munningen av Sobat er slakt skrånande og inneheld mange sumper og laguner.[18] Når det er flaum fører Sobat-elva med seg ei stor mengd sediment, og dette bidreg mykje til den bleike fargen til Kvitnilen.[19] Frå den andre byen i Sør-Sudan, Malakal, renn elva sakte men utan sumper inn i Sudan og nord til Khartoum. Nedstrøms frå Malakal ligg Kodok, staden for Fashoda-hendinga i 1898, som markerte slutten på det koloniale Afrika-kappløpet.
I Sudan har elva gjeve namn til delstaten An-Nil al-Abyad, før ho renn saman med den større Blånilen i Khartoum og dannar Nilen.
Remove ads
Innlandsvassvegar
Kvitnilen er farbar frå Albertsjøen til Khartoum gjennom Jebel Aulia-demningen.
I delar av året er elva farbar til Gambela i Etiopia og Wau i Sør-Sudan.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads