Kyanitt eller cyanitt, tidlegare òg kalla disthen, er eit mineral som finst i regionalmetamorfe bergartar og er ganske utbreitt i Noreg. Det er oftast blått og dannar bladaktige krystall med triklin symmetri. Hardleiken varierer frå 5 langsetter krystallen til 7 på tvers av krystallen. Det er eit aluminiumsilikat Al2SiO5. Det finst andre mineral som har den same kjemiske samansetjing (polymorfi), men med heilt ulike eigenskapar: andalusitt og sillimanitt.
Fasediagram for Al2SiO5. Kyanitt (venstre), andalusitt (nedentil) og sillimanitt (høgre).
Det vert nytta til framstilling av varmebestandig material (tennpluggar) og hovudproduksjonen kjem frå India og USA. Det er førekomstar på Saltfjellet i Nordland som kanskje kan vise seg å vere drivverdige.