Polymorfi

From Wikipedia, the free encyclopedia

Polymorfi
Remove ads

Polymorfi (frå gresk og tyder mange former) er evna eit kjemisk stoff har til å ha meir enn ei form og krystallstruktur, og samstundes bestå av dei same atoma, ha den same gassforma og danne dei same løysingane. Desse kan i tillegg til å ha ulik form og krystallstruktur òg ha andre kjemiske og fysiske eigenskapar. Når eit kjemisk stoff dannar ulike krystallstrukturer vert variantane kalla polymorfar. Døme på dette er markasitt og svovelkis som begge har FeS2 som kjemisk formel. Når eit grunnstoff dannar polymorfe sambindingar slik som karbon gjer med minerala grafitt og diamant, og jern gjer med dei ulike formene ferritt (alfa-fase) og austenitt (gamma-fase) vert dei òg kalla allotropar.[1][2] Nokre gonger nyttar ein omgrepet dimorfi når stoff opptrer i berre to former.

Thumb
Svovelkis FeS2
Remove ads

Sjå òg

Thumb
Markasitt FeS2

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads