Lötschental

From Wikipedia, the free encyclopedia

Lötschentalmap
Remove ads

Lötschental er den største dalen på nordsida av Rhônedalen i kantonen Valais i Sveits. Han ligg i Bern-Alpane, og elva Lonza renn ned dalen frå kjelda si ved Langgletscher.

Kjappe fakta Land ...
Thumb
Lötschental i Dei sveitsiske Alpane.
Thumb
Lötschental frå Fafleralp

Den vakre dalen strekkjer seg 27 km frå Lötschenlücke (3178 moh.) ved toppen av Langgletscher til enden av dalen ved Steg/Gampel (630 moh). Han er omgjeve av over 3000 meter høge fjell, som Bietschhorn (3934 moh.), Hockenhorn (3293 moh.), Wilerhorn (3307 moh.) og Petersgrat (3205 moh.). Jungfrau-Aletsch verneområde er det mest bredekte området i Dei sveitsiske Alpane og vart gjort til ein naturleg verdsarvstad av UNESCO i 2001. Dette området omfattar sørlege og austlege delar av Lötschental.

Dei største landsbyane i Lötschental er Wiler og Kippel. Andre landsbyar i dalen er Ferden og Blatten. I alt bur det kring 1500 menneske i dalen.

Lötschental vart truleg først busett i romartida, men var isolert frå resten av omverda fram til byrjinga av 1900-talet. Dalen var særleg vanskeleg å nå om vinteren, fram til Lötschbergbahn (BLS) (1907–1913) vart bygd ut og knytte dalen til ei internasjonale jernbanelinje.

Turisme har i aukande grad teke over for jordbruk som hovudnæring i dalen, særleg etter at gondolbanen frå Wiler til Lauchernalp vart bygd i 1972. Lötschental er i dag ein populær vintersportstad.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

46°25′N 7°50′E

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads