Labiodental nasal
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Labiodental nasal eller stemd labiodental nasal er ein konsonant-språklyd. Symbolet i det internasjonale fonetiske alfabetet som representerer denne lyden er ⟨ɱ⟩. IPA-symbolet er ein liten m med ein venstrevendt krok frå nedre høgredel av bokstaven. Av og til blir lyden i staden transkribert som ein m med eit dentalt diakritisk teikn: ⟨m̪⟩.[1]
Ein labiodental uttale av [ɱ] er svært lik den til bibial nasal [m], men i staden for at leppene rører kvarandre, rører den nedre leppa dei øvre tennene. Stillinga til leppene og tennene er generelt den same som for danninga av dei labiodentale frikativane [f] og [v], sjølv om luft slepp ut mellom leppene og tennene når det gjeld frikativane.
Sjølv om [ɱ] ofte opptrer i ulike språk, er lyden typisk ein allofon som er avgrensa til ein posisjon før dei labiodentale konsonantane [f] og [v]. Ein fonemisk /ɱ/ er berre rapportert frå kukuya, der han står i kontrast til /m/ og «er følgd av sterk utstikking av begge leppene.»[2]
Remove ads
Døme
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads