Lady Bianca
amerikansk songar og pianist From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bianca Thornton med artistnamnet Lady Bianca (fødd 8. august 1953) er ein amerikansk elektrisk bluessongar, låtskrivar og arrangør.[1] Ho har arbeidd som studiomusikar og gjeve ut seks soloalbum, der tre av desse vart nominert til ein Grammy Award.
Lady Bianca er hovudsakleg ein bluesvokalist, men vart først kjend som songar for ei rekkje artistar som Van Morrison, Frank Zappa og Merle Haggard. Som barn vart ho påverka av gospel og studerte ved San Francisco Conservatory of Music før ho spelte rolla som Billie Holiday i ein musikal av Jon Hendrick kalla Evolution of the Blues tidleg i 1980-åra. Ho song på fleire plater av Van Morrison, som Beautiful Vision og Inarticulate Speech of the Heart, og for blueslegender som John Lee Hooker og Willie Dixon. Seint i 1980-åra slo Bianca seg saman med låtskrivaren Stanley Lippitt og dei skreiv fleire songar i lag. Dette skaffa ho merksemd hos Joe Louis Walker som gjorde at ho fell platekontrakt. Ho gav ut den første soloplata si i 1995 med Best Kept Secret. Seks år seinare følgde ho opp med Rollin.
Remove ads
Diskografi
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads