Lady Samantha

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Lady Samantha» er ein song av Elton John med tekst av Bernie Taupin. Han vart gjeven ut den 17. januar 1969, seks månader før debutalbumet Empty Sky kom ut. Songen vart gjeven ut som bonusspor på dette albumet i 1995.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Den første singelen til Elton John, «I've Been Loving You», gjorde det ikkje bra i Storbritannia. Det gjekk ikkje noko betre med denne, men fekk god omtale av kritikarane. Songen vart spelt ein del på radio, men selde heller dårleg. Det var den siste singelen til John på Philips og den første singelen han gav ut i USA, på DJM, men han selde dårleg òg der. Han vart gjeven ut på ny eitt år seinare, på Congress, men gjekk ikkje på listene den gongen heller.

Songen vart gjeven ut som B-sida på DJM-utgåva av singelen «Rocket Man» i 1972, og igjen på samlealbumet til DJM kalla Lady Samantha i 1980.

Remove ads

Andre versjonar

Den amerikanske rockegruppa Three Dog Night spelte inn songen i 1969 på det andre albumet deira Suitable for Framing.

Medverkande

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads