Lady of the Stars

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Lady of the Stars er det syttande studioalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Det kom ut i Storbritannia og USA i januar 1984.

Meir informasjon Donovan-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Historie

I 1983 fekk albuma til Donovan liten distribusjon i Storbritannia og ingen i USA. Populariteten hans hadde dalt gradvis gjennom 1970-åra og tidleg i 1980-åra, og dei store plateselskapa var ikkje overtydde om at albuma hans ville selje særleg. Donovan valde å vinne over plateselskapa og nå tilhengjarane sine i Amerika og Storbritannia. Han spelte inn nye versjonar av «Sunshine Superman» og «Season of the Witch» for det nye albumet. Begge songane var tidlegare gjevne ut på Sunshine Superman i 1966 og Donovan's Greatest Hits i 1969. Med å ha desse kjende sognane med kunne plateselskapa nytte det i marknadsføringa si.

I tillegg til desse to songane, oppdaterte Donovan tre andre songar frå katalogen sin, «Lady of the Stars», «Local Boy Chops Wood» (begge frå Donovan i 1977) og «Boy for Every Girl» frå Essence to Essence i 1973. I tillegg skreiv han fem nye songar.

Sjølv om Lady of the Stars kom ut direkte via RCA i Storbritannia var det Allegiance Records som gav ut albumet i USA.

Av gjesteartistar på albumet finn ein Graham Nash, Pete Carr, Jim Horn, Bonnie Bramlett, Wilton Felder og Dave Mason.

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Donovan Leitch

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads