Laura Marano
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Laura Marie Marano[1] (fødd 29. november 1995) er ein amerikansk skodespelar og songar. Ho er best kjend for rolla si som Ally Dawson i Disney Channel-serien Austin & Ally.[2] Ho hadde òg ei rolle i Without A Trace, der ho spelte dottera til hovudrolla. Marano har hovudrolla i indiefilmen A Sort Of Homecoming.[3] I 2015 hadde ho hovudrolla i Disney-filmen Bad Hair Day. Rollefiguren hennar heitte Monica Reeves, og ein av motspelarane i filmen var Leigh-Allyn Baker.[4]
Marano vart fødd i Los Angeles i California. Ho er dotter av Damiano og Ellen Marano.[5] Den eldre systera hennar, Vanessa, er òg skodespelar. Faren Damiano har italienske røter.[6] Marano har kombinert filmrollene med skulearbeid, og var på skulen to dagar i veka. I eit intervju har ho opplyst at «eg går på ein offentleg vidaregåande skule, og venene mina og alle der har vore veldig støttande. Det er fint å ha nokon så støttande rundt meg når eg ikkje jobbar, sjølv om venene mine på settet er heilt fantastiske.»[7]
Remove ads
Karriere
Skodespelar
Marano fekk det fyrste skodespelaroppdraget sitt då ho var fem år gammal.[8] Sidan har ho jobba med fleire produksjonar for Stage Door Theater i California. Ho har vore med i fleire reklamar, og har hatt mindre roller i TV-seriar som Ghost Whisperer og Medical Investigation. Ho har òg dubba i animasjonsfilmar som Nemo og Ice Age. I filmen The Jacket, der Keira Knightley hadde ei av hovudrollene, spelte Marano Knightleys rollefigur som barn. Ho hadde òg ei fast rolle i FOX-serien Are You Smarter Than a 5th Grader?.
Marano var med i fleire episodar av serien The Sarah Silverman Program. I pilotepisoden til serien spelte ho Sarah Silverman som barn. Regissørane likte rolleprestasjonen så godt at dei i ein seinare episode gav ho ei større rolle, som vinnaren av ein venleikskonkurranse. Brian Pohsen, som kommenterte showet i DVD-utgåva, noterte at Marano ofte kunne både sine eigne og replikkane til andre skodespelarar betre enn dei fleste på settet.
I 2011 fekk ho rolla som Ally Dawson i Austin & Ally.
Musikk
I 2013 spelte Marano inn fire solosongar og ein duett med Ross Lynch for Austin & Ally: Turn It Up.[9] Songen Me and You hamna på sjetteplass på Billboard-lista.[10] «Redial» låg meir enn fire veker på åttandeplassen på den amerikanske hitlista. Marano spelte òg inn duetten «I Love Christmas» med Ross Lynch for det tredje julealbumet til Disney. Han hamna på femtiandeplass på Billboard si juleliste.[11]
I mars 2015 skreiv Marano platekontrakt med plateselskapet Big Machine Records, og vart dermed den fyrste popartisten til selskapet.[12]
Remove ads
Filmografi
Remove ads
Diskografi
Album
Singlar
Andre framferder
Musikkvideoer
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads