Lavamåse

fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia

Lavamåse
Remove ads

Lavamåse (Leucophaeus fuliginosus) er ein mellomstor måse i ei slekt Leucophaeus av mørke måsar. Arten er endemisk for Galápagosøyane og er nært i slekt med lattermåse og franklinmåse. Slektsnamnet Leucophaeus kjem frå gresk leukos, «kvit» og phaios, «mørk». Artsnamnet fuliginosus er seinlatin for «sotfarga».[1]

Kjappe fakta
Remove ads

Taksonomi og systematikk

Arten vart først skildra av John Gould i 1841, frå eit eksemplar samla inn på Santiago-øya. Han vert somme tider plassert i slekta Larus. Kanskje er han nærast i slekt med lattermåsen.

Skildring

Lavamåsen er 51–55 cm lang og veg kring 380 g. Vaksne fuglar har sotbrun til svart hovudfjøredrakt som, ulikt dei fleste andre mørkhetta måsar, ikkje varierer med sesongen. Vengene er mørkgrå med ei kvit stripe langs framkanten, truleg brukt både i spel og som kamuflasje. Kroppen er mørkgrå med lysare grå buk. Overgumpen er kvit, medan undergumpen er grå. Nebb og bein er svarte, innsida av munnen er raud. Fuglane har kvite augebryn oppe og nede, med raude augelok. Ungfuglar er hovudsakleg mørkebrune.[2]

Heile bestanden lever på Galápagosøyane, særleg på Santa Cruz, Isabela, San Cristóbal og Genovesa.

Åtferd

Til skilnad frå dei fleste måseartar som hekkar tett i koloniar, hekkar lavamåsen som regel isolert, med reir sjeldan nærare enn 100 meter frå kvarandre.[3] Han er sterkt territoriell og forsvarar område på kring 2000 m² (70 m i diameter) mot artsfrendar. Reiret vert plassert på bakken, ofte under kystvegetasjon, og er fôra med plantemateriale. Hoa legg to flekka olivenfarga, godt kamuflerte egg som vert ruga i 33 dagar. Reira ligg gjerne nær rolege vatn eller lagunar. Hekkesesongen er ikkje avgrensa til ein bestemt del av året, men verkar opportunistisk. Ungane forlèt reiret etter kring 4-5 dagar, flyg etter ca. 55 dagar, men foreldra tar umsut i nær tre veker etter det.[2]

Føda er variert, og som andre måsar er lavamåsen altetande. Han skaffar seg ofte mat ved å stele frå reir eller frå fiskeavfall, men tek òg fisk, små krepsdyr, nyklekte øgler, iguanar og havskjelpadder. Han kan òg ete av sjøløve-morkake. På Genovesa er han observert å dra nytte av mislukka freistnadar praktfregattfuglar gjer for å stele, og tek fisk som dei mistar. Moglege predatorar på reir og ungar inkluderer ugler, fregattfuglar, artsfrendar og innførte pattedyr.

Remove ads

Status og vern

IUCN kategoriserer lavamåsen som sårbar (VU) fordi han berre finst i svært små mengder.[4] Trass i at bestanden verkar stabil, møter arten fleire trugsmål. Populasjonen er estimert til 300–600 individ per 2015. Arten er dermed den minst talrike måsearten i verda.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads